- Dette er heilt fantastisk. Hjarta vert varmt i vinterkulda, seier Janne Endal Andersson, ein av initiativtakarane.
Sjuåring er hjernen bak
I alle dei sju nordfjordkommunane, samt Lærdal, Årdal og Aurland i Sogn møtte folk opp for å gå rundt juletreet og syngja "Det lyser i stille grender" for lokalsjukehusa. I Nordfjord song alle sangen sju gonger, ei gong for kvar kommune
Dottera til Janne Endal Andersson, sju år gamle Elisa, er på mange måtar hjernen bak aksjonen. Då ho fekk spørsmål på skulen om kva ho ville bruka vekepengane på 100 kroner til, svarde ho følgjande:
- At me ville spara til sjukehuset så det kunne vera her, seier Elisa sjølv.
- Årets julehelsing til Øberg og Mowatt
Og i kjølvatnet av det, kom altså aksjonen i gang. Facebookgruppa for arrangementet hadde over 1000 medlemmar då synginga gjekk av stabelen klokka 17, og nærare 1500 menneske møtte opp.
- Engasjerte ungar er inspirasjon for meg som mor og oss som er foreldre. Då er det viktig at me foreldre går framfor med eit godt eksempel og engasjerer oss i denne viktige saka, seier Endal Andersson.
- Kvifor gjer foreldre og ungar dette i lag?
- Fordi konsekvensane av det som skjer med sjukehusa våre no, er det me familiane som vert berørde av.
(Artikkelen held fram under videoen)
På facebooksida står det: "Vi syng i kor i heile vår fjord: "Det lyser i stille grender av tindrande ljos i kveld, og tusende barne hender mot himmelen ljosa held."
- Dette er årets julehelsing til Øberg og Mowatt, kommenterer ein nordfjording til NRK etter songen.
(Artikkelen held fram under videoen)
Las opp ønskjeliste til helseministeren
I Lærdal var det også stort oppmøte rundt same arrangement. Politikarar, ungdomsrådet og sjukehusaksjonistar heldt appellar.
Mellom anna les ungdomsrådet opp årets juleønskjeliste dei tidlegare på dag overleverte helseminister Anne Grethe Strøm- Erichsen. Den ser slik ut:
- Stopp nedlegginga av fødetilbodet ved Lærdal sjukehus og alle andre sjukehus rundt om i landet
- Stopp den systematiske nedlegginga av sjukehustilbodet vårt
- Gå vekk frå føretaksmodellen og få attende den politiske styringa
- Gje kvart einskild sjukehus sitt eige budsjett og eiga leiing
- Oppretthalda akuttberedskapen ved sjukehusa våre
- Behalda kjøken på kvart einskild sjukehus i staden for vakuumpakka mat
- Behalda ortopeditilbodet både i Lærdal og på Eid