Hopp til innhold

Fjellovergang stengt

Riksveg 13 stengt grunna dårleg vêr.

Vikafjell stengd skilt

STENGT: Uvêr stenger Vikafjellet.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Vintervêret har skapt store problem for bilistar fleire gonger denne månaden.

I dag er Vikafjellet stengt, og det er uvisst når vegen vil opne att.

I tillegg er vegen mellom Ospelitunnelen og Oppljostunnelen på Strynefjellet førebels stengt på grunn av vedlikehaldsarbeid.

Vegen opnar att klokka 18:00. Ein følgebil vil dessutan lose trafikken klokka 10:15, 13:00 og 15:45.

Elles er det meldt om is- og snødekke på desse overgangane:

  • Riksveg 5 mellom Sogndal og Fjærland.
  • Riksveg 15 Strynefjellet
  • Riksveg 52 Hemsedalsfjellet