Hopp til innhold

Sperra vegen i fem timar

Fleire bilar har kollidert eller hamna utfor vegen i dag på det glatte føret. På fylkesveg 614 sperra ein semitrailer vegen i timesvis.

Trailer sperrar vegen

SPERRAR VEGEN: Den polske semitraileren fekk problem på norske vintervegar.

Foto: Frank Åge Lykkebø

Det var mellom Svelgen og Isane at den polske semitraileren fekk problem i halv fem-tida. Han klarte ikkje å komme seg opp, og hindra mellom anna buss og brøytebilen å komme seg fram.

Vegen var stengd for større køyretøy fram til klokka 21:25.

– Semitraileren stod fast i stigninga opp frå Svelgen i retning Ålfotdalen. Vi fekk etterkvart på plass ein redningsbil. Det har teke lang tid fordi vi måtte hente den frå Stårheim, og då er vi avhengig av transport over fjorden, seier operasjonsleiar Per Rimmen.

Ifølgje politiet viste føraren liten vilje til å ordne opp og han må rekne med å måtte betale for utgiftene til berginga. Politiet opprettar også sak mot sjåføren.

Har venta i over tre timar

Ein av dei som venta lenge er yrkessjåfør Frank Åge Lykkebø frå Vassenden.

– Eg har venta her heilt sidan halv seks-tida. No ventar eg på å få køyre ned mot Svelgen, sa han til NRK torsdag kveld.

Han har det varmt og godt, men fortel at det blir lenge å vente i bilen.

– Det er kjedeleg og irriterande, eg kan ikkje seie nok anna.

Det har snødd tett i området og brøytebilen er altså mellom dei som ikkje kjem seg forbi.

– Det er nokre timar sidan det vart brøyta, så no er det nok mykje snø over fjellet.

Varebil utfor vegen

Og det har over fleire som har hatt problem i dag. Like etter halv tre fekk politiet melding om ei utforkøyring på E39 i Stigedalen, i retning mot Bjørkedalen.

Føraren av varebilen kom uskadd frå uhellet. Bilberging kom til staden, men bilen stod ikkje til hinder for trafikken.

Bubil og personbil krasja

Trafikkuhell på E39 mellom Sandane og Reed

FEKK SEG EIN SMELL: Denne bubilen har kollidert med ein personbil.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

I tretida kolliderte ein bubil med ein personbil på E39 langs Breimsvatnet. Det var truleg berre materielle skader i dette uhellet.

Og i føremiddag fekk politiet melding om eit uhell med to bilar ved avkøyringa til Reset i Førde. Det har ikkje kome melding om det var personskade, men eine bilen måtte hentast.

Kjem seg ikkje opp bakken

Lastebil med problem ved Instefjord

I TRØBBEL: Denne lastebilen står fast i bakken etter Instefjord på E39.

Foto: Anna Gytri / NRK

I bakken etter Instefjord på E39 fekk ein lastebil trøbbel. Den stod i høgre fila der det er dobbelt spor, så den sperra ikkje vegen for andre bilistar. Føraren måtte truleg leggje på kjettingar for å komme seg vidare.

– Kan vere utfordrande

Bergingsbilane i Sogn og Fjordane køyrer i eitt for det er mange som treng hjelp no om dagen. Eivind Bjørke i politiet seier det kan vere utfordrande å køyre på vegane no.

– Det er vanskeleg mange stader i fylket. Det er litt forskjellige køyreforhold, med mellom anna snø og vind.

Trafikkuhell på E39 mellom Sandane og Reed

Denne bilen var involvert i trafikkuhellet ved Breimsvatnet på E39.

Foto: Arne Stubhaug / NRK