Hopp til innhold

NRK-redaktøren er ikkje glad i kos

Den nye distriktsredaktøren i NRK Sogn og Fjordane likar ikkje kos. Men han meiner likevel det bør vere rom for det i radioen.

Rolf Sanne-Gundersen

ER IKKJE GLAD I KOS: Den nytilsette distriktsredaktøren i NRK Sogn og Fjordane er ikkje glad i kos.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Kai Aage Pedersen

SLUTTAR: Kai Aage Pedersen sluttar som distriktsredaktør og blir fast tilsett som utviklingssjef i NRK.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Denne veka fekk Rolf Sanne-Gundersen (45) fast jobb som distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane.

– No er blitt sjef på alvor. Det er alltid kjekt å få seg fast jobb, seier Sanne-Gundersen.

Vil utvikle huset vidare

45-åringen har i nesten to år vikariert i stillinga for Kai Aage Pedersen som no går over i fast stilling som utviklingssjef for nye medier i distriktsdivisjonen i NRK. Men no er han ikkje vikar lenger.

– Lyttarane vil nok ikkje merke dei store skilnadane på før og no. Men eg har likevel nokre ambisjonar om å utvikle huset vidare og jobbe for å at vi framleis skal vere viktige for folk i fylket vårt, seier Sanne-Gundersen.

Fredag var han gjest i ettermiddagssendinga med programleiar Erlend Blaalid Oldeide. Intervjuet i sin heilskap kan du høyre her:

Vil ha meir kvalitetsjournalistikk

Sanne-Gundersen seier oppdraget til NRK Sogn og Fjordane er å lage gode radiosendingar, gode saker på internett og gode saker på fjernsyn. Men han vil satse meir på kvalitetsjournalistikk enn før.

– Problemet i dag er at journalistane i fylket spring for mykje og for fort. Vi er pressa på tid og ressursane blir mindre, noko som er eit problem for heile mediebransjen i Sogn og Fjordane som har mange små redaksjonar, seier Sanne-Gundersen.

– Eg vil at vi skal få meir tid og plass til å lage meir grundig og god journalistikk som set søkjelyset på saker som er viktige for folk. Dette har vi allereie begynt å få til og sett resultat av, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

TV-redigering i NRK Sogn og Fjordane

VIL HA MEIR KVALITET: Sanne-Gundersen vil ha meir kvalitetsjournalistikk. Bilete er frå eit av tv-redigeringsromma på NRK Sogn og Fjordane.

Foto: Simon Solheim / NRK

– Vi er ofte overfladiske

Den nye distriktsredaktøren vil organinsere redaksjonen slik at journalistane kan bli tekne ut av det daglege arbeidet og heller få jobbe med saker over lengre tid.

– Så du innrømmer at vi ikkje har vore gode nok til no?

– Eg erkjenner at vi blir spiste opp av det som skjer til dagen, og vi er ofte overfladiske. Men det er ikkje nødvendigvis negativt, svarar 45-åringen.

Likar ikkje kos

Den nye distriktsredaktøren har fått mange innspel på Facebook, Twitter og på e-post. På Twitter fekk Sanne-Gundersen mellom anna denne meldinga:

«Gratulerer med fast jobb. Ja til sterkare satsing på djupare journ. Og debatt. Ta gjerne frå koseradiobudsjettet.»

@sognataggen på Twitter

Sanne-Gundersen svarte dette:

«he, he. Vi skal ha fokus på grundig journalistikk presentert på ulike måter i ulike flater. Og kos er det alltid plass til.»

@rolfsanne på Twitter

– Vi må ha plass til kos i radioen, sjølv om eg personleg ikkje er så veldig glad i kos. I jobbsamanheng meiner eg at vi må ha rom for å vere til stades. Vi må ha litt kos i radioen, sjølv om ikkje alle likar det, seier Sanne-Gundersen.