Hopp til innhold

Vi bråkar langt mindre på byen

Både politiet og utelivsbransjen i Sogn og Fjordane har aldri opplevd at folk som er ute på byen oppfører seg så fint som no.

Stig Hårklau, ordensvakt ved Træskeverket i Førde

ROLEG: Stig Hårklau og dei andre ordensvaktene ved utestaden Træskeverket i Førde har det rolegare på jobb no enn før.

Foto: Simon Solheim / NRK

Fred Reiersen

TØFFARE FØR: Barsjef Fred Reiersen ved Sunnfjord Hotell seier det var mykje vald før i tida.

Foto: Simon Solheim / NRK

Det er mindre bråk på byen enn før, og valdsepisodane har blitt langt mindre alvorlege enn for berre få år sidan.

  • Sjå statistikk over ordensforstyrringar heilt nederst i saka

– Før i tida var det fleire slåsskampar kvar einaste helg, med brekte naser og blod. No kan det gå fleire månader mellom kvar gong det oppstår bråk, seier barsjef Fred Reiersen ved Sunnfjord Hotell i Førde.

Mindre bråk i jula

Vi er no midt oppe i julebordssesongen og det er ekstra mykje folk ute på byen. Men november og desember er det mindre bråk og vald enn elles. Det syner tal som NRK.no har fått tilgang til.

I november i år rykte politiet her i fylket ut på 82 ordensforstyrringar, medan talet i mai var heile 148. I mai 2008 måtte politiet rydde opp over 170 gonger.

Høyr radiosak her:

– Vi har ikkje hatt fleire oppdrag sjølv om folk gjerne trur at førjulstida er ekstra travel for oss i politiet. Folk tenker konsekvensar for eigne handlingar og oppfører seg fint, noko vi er veldig glade for, seier lensmann Jan-Thore Thue ved Sogndal lensmannskontor.

Lensmannen, som har over 30 års erfaring frå politiet, seier utviklinga har gått i positiv retning. I 2007 hadde politiet i Sogndal 36 valdsepisodar. Hittil i 2010 ligg talet valdshandlingar på 15.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gjer seg klare til jobb

GJER SEG KLARE: Ordensvaktene Kim Andrè Blikås og Stig Hårklau ved Træskeverket i Førde gjer seg klare til jobb. Knivsikker vest og sambandsutstyr gjer kvardagen tryggare.

Foto: Simon Solheim / NRK

Pratar folk til fornuft

Kvar einaste helg gjer fire ordensvakter på Træskeverket i Førde seg klare til jobb i 22-tida. Dei er utstyrte med knivsikker vest og sambandsutstyr for å vere på det sikre sida. Men stort sett får dei ikkje bruk for dette utstyret.

– Det går veldig stille og roleg for seg, men det er uansett best å vere på den sikre sida om ting skulle skje. Vi har situasjonar av og til, men vi klarar som regel å prate folk til fornuft, seier ordensvakt Stig Hårklau.

– Folk er gjerne meir fulle i førjulstida enn elles. Dei drikk fortare og meir, og reiser ut på byen mykje tidlegare enn på andre tider av året. Men det blir ikkje meir bråk av den grunn, berre meir fyll, seier ordensvakt Kim Andrè Blikås.

– Før i tida gjekk det heftig for seg

NRK.no har snakka med ei rekkje utestader i fylket, og alle opplever at utelivsbransjen har endra seg markant dei siste åra.

Dagleg leiar ved Hjørnevikbua i Florø, Kåre Hukset, har arbeidd i bransjen i over 20 år, og seier utviklinga har vore enorm.

– No opplever vi bråk berre ein eller to gonger i månaden, og det jamt over heile året. Då eg starta i bransjen var det slåssing heile tida. På den tida gjekk det ganske heftig for seg, seier Hukset.

På utestaden Jibben i Måløy har også valdsbruken gått kraftig ned dei siste åra, og ved Lægreid Hotell i Sogndal fortel dagleg leiar Atle Lægreid om nye tider; bråkmakarane har begynt å oppføre seg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fyll og bråk i Florø

MYKJE BRÅK I FLORØ: For nokre år sidan var det ei rekkje alvorlege valdsepisodar i Florø, men denne tendensen er no over.

Foto: NRK
Jan-Tore Thue

FÆRRE SAKER: Lensmann Jan-Thore Thue i Sogndal har færre valdssaker på pulten sin.

Foto: Arne Eithun / NRK

Truga dørvakt med kniv

Lensmann Jan-Thore Thue peikar på fleire ulike årsaker til nedgangen i bråk.

Han vil òg rose utelivsbransjen sjølv for å tak i problema.

– Det har over tid vore arbeidd godt i utelivsbransjen for å førebygge vald, og ordensvaktene som jobbar ved utestadane gjer ein god jobb, seier Thue.

I tillegg er nattuglene er tilstades, og politiet patruljerer meir enn før, ifølgje lensmannen.

Politiet i Florø hadde problem med mykje vald og bråk for nokre år sidan, og måtte mellom anna stille opp med nærare ti politibetjentar fordi dørvaktene ved ein utestad hadde blitt truga med kniv.

Men valdsbruken har også gått ned i kystbyen dei siste åra, opplyser politistasjonssjef Robert Veset ved Flora politistasjon.

– Det er ikkje tøft å slåss lenger

Barsjef Fred Reiersen ved Sunnfjord Hotell trur årsaka til færre hendingar kan ligge i mindre gamal ukultur.

– Folk synst ikkje det er så veldig tøft at folk slåss lenger. Slik var det før i tida då bondekulturen var større. Då skulle folk tøffe seg, men slik er det ikkje lenger, seier Reiersen til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Slosskamp på Bergum

TEK HAND OM BRÅKMAKAR: Sjølv om valden har gått ned, skjer det framleis slåsskampar. Her tek politiet hand om ein bråkmakar på Bergum i Førde.

Tal frå Sogn og Fjordane politidistrikt syner at det er mindre bråk og vald i november- og desember-månadane enn gjennomsnittet:

2010

Ordensforstyrringar 2010

 

April

105

Mai

148

Juni

134

Oktober

126

November

82

Desember

76*

* Talet er per 20. desember 2010

2009

Ordensforstyrringar 2009

 

April

111

Mai

143

Juni

123

Oktober

98

November

110

Desember

102

2008

Ordensforstyrringar 2008

 

April

104

Mai

171

Juni

168

Oktober

126

November

142

Desember

98

Tala er henta frå Politiets operasjonslogg (PO) som er oppdragssystemet til politiet, og omtaler ikkje talet på straffesaker.

Statistikken omfattar valdsepisodar, og ro- og ordensforstyrringar, som politiet har vore involverte i. Den omfattar også saker i private heimar og familievald.