Hopp til innhold

Slik pakkar du inn julegåvene

Legg du sjela i innpakninga av julegåver? Eller er ikkje det så nøye korleis pakkane ser ut? Her kan du få gode tips.

I morgonsendinga til NRK Sogn og Fjordane fekk programleiarane Gro Ravnestad og Karl Kristian Langeland besøk av ei som er ekspert på innpakning.

Turid Øygard jobbar ei ein bokhandel i Førde og lagar flotte innpakningar til kundane sine.

Tok med alle gåvene sine

Då ho skulle komme på besøk i studio, tok Langeland like så godt med seg alle dei uinnpakka gåvene sine for å få eksperthjelp.

Øygard hadde meg seg mange forskjellige papir, band og tape. Ho meiner det er viktig å tenkje på kven som skal få gåvene.

– Gåvene må pakkast inn forskjellig, avhengig om at det er til kjærasten, borna eller bestemor, seier ho.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ekstra omtanke

Å få ein fint innpakka presang kan bety at nokon har lagt litt ekstra omtanke i gåva.

– Det er veldig kjekt å gi frå seg ei gåve som er fint innpakka, og det er veldig moro for oss som jobbar med dette.

Elegant og fint til bestemor

Karl Kristan Langeland og Turid Øygard

Karl Kristan Langeland får gode råd av ekspert Turid Øygard.

Foto: Brit Jorunn Svanes/NRK
Karl Kristan Langeland og Turid Øygard

Pakken til bestemor på 92 år.

Foto: Brit Jorunn Svanes/NRK
Julegåver

Slik blei pakkane til slutt

Foto: Brit Jorunn Svanes/NRK

Den eine gåva som programleiaren har med seg, er til bestemor på 92 år.

– Vi må tenkje fargar. Helst litt elegant og i duse, fine fargar.

Dermed pakkar ho hjartet inn i eit papir i bronse og svart, og formar gåva som eit kremmarhus.

Røffare til menn

Øygard fortel at når kundar kjem inn i butikken så spør ho alltid om gåva er til mann eller kvinne.

– Eg pakkar inn røffare dersom gåva er til ein mann. Men kjem det menn inn så torer vi kanskje litt meir, som til dømes å pakke inn med vranga ut og vere meir kreativ. Dei fleste menn torer ikkje seie frå dersom dei er skeptiske, så vi testar ut litt. Men stort sett blir dei veldig nøgde med det vi har gjort.

Vil ikkje ha papir på vranga

Men papir med vranga ut vil ikkje Langeland har noko av. Mellom gåvene han vil ha pakka inn er vintesko til ei lita jente. Og her har pakkeeksperten eit lurt råd.

– Pakk inn skoa i kvar sin gåve. Dei små likar mange pakkar, seier Øygard.

Turid Øygard sine beste innpakningstips:

  • Tenk på kven som skal få gåva
  • Kjøp gjerne gråpapir og masse band i forskjellige fargar
  • Fest på fine merkelappar
  • Bruk blank tape og ikkje matt.