Hopp til innhold

Store skilnader på drivstoffprisar

Det er berre ein halvtimes køyretur mellom Stårheim og Måløy - likevel er det heile 1,61 kroner i skilnad på bensinprisane...

Beststasjonen Deknepollen

HØGE PRISAR: Ved Best-stasjonen i Deknepollen var prisen for 95 oktan bensin nesten 14 kroner i helga.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Måndag var prisen på 95 oktan på Unox Stårheim 12.38 kroner. På Best-stasjonen i Deknepollen var prisen 13.99 kroner.

Med andre ord: Skilnaden på dei to stasjonane er på heile 1,61 kroner per liter.

Taper pengar på bensin og diesel

– Vi køyrer bevisst priskrig med låge drivstoffprisar i helgane for både å trekkje fleire kundar og samstundes vise forakt for statens sin avgiftspolitikk.

Det seier dagleg leiar Peter Piel ved UnoX Stårheim.

– Vi taper pengar for kvar liter bensin og diesel vi sel i helgane, men det er selskapa som tek mesteparten av støyten på desse prisane, seier Piel.

(Artikkelen held fram under biletet)

UnoX Stårheim

LANGT LÅGARE: Ved UnoX-stasjonen på Stårheim er prisen nesten to kroner lågare...

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

– Må ha høge prisar for å overleve

Ved Best stasjonen i Deknepollen vel 3.5 mil lenger vest i Vågsøy må ein måndag betale 13.99 kroner for éin liter 95 oktan bensin og 12.99 for diesel.

– Vi er ein sjølvstendig bensinstasjon utan faste leveringsavtalar, difor må vi ha høge prisar for å overleve, seier eigar og dagleg leiar Ronny A. Hjertenes til NRK.no.