Hopp til innhold

Lokale bøker sel best til jul

Lokale bøker sel som aldri før. Sjansen er stor for at ei bok frå Sogn og Fjordane blir å finne under juletreet i år.

Liv Unni Aardal, Libris Førde

ETTERSPURDE: Butikksjef Liv Unni Aardal har 20-30 lokale titlar i butikken.

Foto: Hans Henrik Løken / NRK

Ved ein av fylkets største bokhandlarar, Libris i Førde, står lokale bøker og sogeskrift for over halvparten av dei 25 beste selde utgjevingane.

Om sogningar og fjordingar

– Den som utan tvil toppar i år er Jens Brekke si bok «Dei seie so». Boka som tek føre seg dei ulike måtane vi sunnfjordangar, nordfjordingar og sogningar oppfører oss på, ligg langt framfor dei andre. Det går fleire hundre bøker, fortel butikksjef Liv Unni Aardal.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Jens Brekke

BEST SELJAR: Jens Brekke si «Dei seie so - om sogningen, sunnfjordingen og nordfjordingen» er mest pop før jul.

Foto: Hilde Zahl / NRK

Bokhandlaren i Førde er ikkje overraska.

– Det mange lokale bøker på topp. Kvart einaste år er det dei lokale som dominerer på salstoppen, fortel bokhandlaren.

På landstoppen i lokale utgjevingar

Med lokale forlag som Skald og Selja i spissen har utvalet av lokale bøker skote i vêret dei siste årda. Tel ein med bøkene som kjem ut på einmansføretak, blir gitt ut om lag 30 bøker i fylket kvart år.

– Det er ikkje noko anna fylke som kan vise til så mange lokale bøker. Og folk tykkjer det er kjekt med lokale bøker og historiar. Dei fengar ulike aldrar, seier Aardal.

Brekke i ein eigen divisjon

I løpet av dei 20 første dagane i september selde Libris i Førde 247 utgåver av Jens Brekke sin satiriske harselas over fogderiskilnadene i fylket. Men også små lokale bøker med geografisk avgrensa nedslagsfelt sel gjerne 40-60 utgåver oppunder jul.

– Hovudsakleg er det snakk om julepresangar. Dei færraste kjøper bøker til seg sjølv no før jul. Vi sel også mykje sogehefter som gjerne blir sende til fjern og nær, fortel Aardal.

Den lokale bestseljarlista hos Libris:

  1. «Dei seie so», Jens Brekke
  2. «Jølster», Oddleif Apneseth
  3. «Stig ut i naturen», Stig Roger Eide
  4. «Værtegn i Norge», Eli Kari Gjengedal
  5. «Til Førde», Stig Roger Eide
  6. «Småbrukarkona fortel», Sigrid Øvrebotten
  7. «På god veg», Kristin Ese/Fylkesarkivet
  8. «Illustrert tyleskap», Jens Brekke
  9. «En vill mann» Kristoffer Clausen (som budde utandørs eitt år i Sogn)
  10. «Jorunn i Alden», Heidi Hattestein

Julehefta «Jul i Sunnfjord», «Jol i Sogn» og «Jul i Nordfjord» har saman med andre årvisse lokale utgjevingar salstal som som plasserer dei blant dei best selde lokale utgjevingane om ein ser bort frå reine bøker.