Hopp til innhold

Julestria på helsa laus

Vi stressar meir og meir i julestria. Psykolog ber folk roa ned.

Julehandel

Det går unna med julehandelen på Sogningen storsenter

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

- Det skal vaskast i alle krokar, det skal skina, og det skal gjerast og gjerast og gjerast, og alle føler dei "må". Eg trur ikkje det vert gjort av glede, men av plikt, seier psykolog Per Steinar Melås.

- Me lærer ikkje

Per Steinar Melås

Psykolog Per Steinar Melås

Foto: Arve Uglum / NRK

Han meiner juletida er vorten paradoksal ettersom julestunda har vorte ei tid der folk pålegg seg sjølve mykje aktivitetar, noko som går utover julekosen.

- Me lærer ikkje. Me meiner at det ikkje vert jul viss me ikkje gjer det slik. Og jul må me ha; tunge tradisjonar skal berast vidare og me skal stadig vekk ha nye ting inn. Det vert slitsamt for folk.

Psykologen fortel han i desse dagar har mange inne til seg som slit med julestress.

- Folk får ikkje endane til å møtast. Dei har teke på seg og planlagd alt for mykje. Og når dei kjem fram til jul, så sig dei heilt i hop. Det er den berømte lufta som går ut av ballongen. Mange har stressymptom i desember og adventstida.

- Borna merkar stresset

Julestresset går også utover borna, for i følgje Melås aukar konfliktnåvet i heimane på desse tider av året

- Verken mamma eller pappa eller søsken er som dei pleier å vera; dei kavar for mykje. Så har dei store forvetningar til dette med pakker og god mat og trivsel, men det vert ikkje så kjekt som det skulle ha vore.

Men det finst teknikkar for å takla stresset betre og slappa av. Melås ber folk som slit med juklestress ta seg stunder der dei rettar konsentrasjon mot dei enkelte muskelgruppene i kroppen.

- Pust med magen

- Då startar eg gjerne heilt nede i føtene. Då skal ein gje mental beskjed om at musklane skal slappa av, og ein kjenner ein vert varm og tung i kroppen.

Vidare bør ein gje sjølvinstruks om å slappa av i musklane før leggetid, avsluttar psykologen.

- Då vil ein ta med seg dette inn i søvnen og kjenne at pusten endrar seg. For viss ein pustar meir med magen og ikkje oppe i halsen, vil ein kjenne at roen senkjer seg meir i kroppen.