Hopp til innhold

Legeforeininga er kritisk

Legeforeinga kritisk til planane om å redusere tilbodet ved sjukehusa i Eid og Lærdal.

Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus
Foto: NRK

Det er i ei høyringsfråsegn til nasjonal helseplan at legeforeininga er kritisk til Helse Vest sine kutt-planar, skriv Bergens Tidende.

I uttalen heiter det mellom anna at minstekravet til eit lokalsjukehus må vere akuttberedskap innan indremedisin, generell kirurgi og anestesi, samt tilgang til klinisk-kjemiske og radeologiske tenester. Helse Vest legg opp til å legge ned fødetilbodet i Eid og Lærdal og berre ha indremedisinske sengepostar.

Varaordførar i Eid, Kjell Magne Aashamar, er glad for uttalen frå legforeininga.

- Når sentrale styresmakter skal ta ei endeleg avgjeld, så må dei høyre på legeforeininga. Det skulle berre mangle. Dei veit kva dei snakkar om, seier han.