Hopp til innhold

Må likevel i fengsel for 144 km/t

Kvinna i 40-åra skulle vise sonen sin korleis ein ikkje køyrer bil. No må ho 18 dagar i fengsel og klare seg utan førarkort i 15 månadar.

Sogn tingrett

SAMFUNNSSTRAFF: Kvinna fekk samfunnsstraff i Sogn tingrett, men vart dømd til fengsel i Gulating lagmannsrett.

Foto: Arve Uglum / NRK

Med sonen i bilen, klemte kvinna på gasspedalen for å vise kor raskt ein moderne bil akselerer på Mannhellervegen.

Leon Nordanger

FORBAUSA: UP-sjef Leon Nordanger.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Sonen hadde nett gjennomførd teoriprøva for førarkort og kvinna fortalde at demostrasjonen var meint preventivt.

- Det er veldig bra at nye førarar får så mykje timar som mogleg og at foreldre og andre familiemedlemer bistår. Men dette er eit eksempel som ikkje bør etterfølgjast, seier Leon Nordanger, distriktsleiar i UP.

144 km/t

Fartsoverskridinga i mars i år varte berre ein kort periode, men var den likevel lang nok til at politiet fekk målt farten.

Ho motsette seg ikkje at ho køyrde i 144 km/t i 80-sona og samtykka til ein tilståingsdom. Tenestemennene vart overraska då dei høyrde forklaringa til kvinna.

- Dei vart veldig forbausa, og eg har aldri høyrt noko slik forklaring før. Samstundes skal kvinna ha at ho har vore ærleg heile vegen, seier Nordanger.

Skal vindtørke bilen

- Vi høyrer mykje rart ute på vegane. Du har dei som nett har vaska bilen, og som skal vindtørke den. Så har du kona i passasjersete som seier til mannen at «du har køyrt som ein tulling og eg håpa at du vart stogga», seier Nordanger.

Sogn tingrett fann fleire formildande omstende . Kvinna slit mellom anna med skadene etter ei trafikkulukke for mange år sidan. Tingretten dømde kvinna til 30 timar samfunnsstraff.

Fengsel i 18 dagar

Nøgd var ikkje påtalemakta som anka straffeutmålinga.

I motsetnad til tingretten, fann ikkje Gulating lagmannsrett formildande omstende som tilseier noko anna enn straff etter rettspraksis.

At ho hadde passasjer i bilen meinte dei derimot var straffeskjerpande, og dømde kvinna til fengsel i 18 dagar.

Kvinna misser også førarkortet i 15 månadar frå datoen fartsoverskridinga fann stad.