Hopp til innhold

Opplevde branndrama - igjen

Ein familie måtte evakuere frå flammane for andre gong på éin månad, då ei hytte tok til å brenne på Sandane.

Hyttebrann på Sandane

BRANN: Ein person er skadd etter brannen på Sandane.

Foto: Heidi Ravnestad

Politiet fekk melding om brannen klokka 1755 søndag kveld, samstundes som det vart meldt om ein brann i Sogndal .

- Det tok fyr innvendig i ei ti år gammal hytte. Ho er no heilt utbrent innvendig, men flammane slo ikkje ut, seier Rune Kjørvik.

Ferdigsløkt etter nokre timar

Kjørvik driv til dagleg Gloppen Camping, og prisar seg lykkeleg over at ingen kom alvorleg til skade i brannen.

Ei jente fekk den einaste personskaden då ho skulle klatre ut eit vinduage og skrapa seg opp.

Røykdykkarar var raskt på staden, og i tillegg sprøytte brannvesenet vatn inn i veggen på hytta.

Litt før klokka 20.00 søndag kveld var brannvesenet ferdig med ettersløkkinga.

Råka av brann for andre gong

Familien som budde i hytta var mellom dei evakuerte bebuarane under dødsbrannen i eit hus med flyktningar på Sandane tidleg i desember.

LES OGSÅ: 14-åring omkom i brann på Sandane

No budde familien i ei mellombels hytteløysing på Gloppen Camping på Sandane.

- Eg har ikkje fått prata med dei, men vi jobbar no med å finne anna overnatting, seier Kjørvik.

Det var NAV som leigde hytta til flyktningane, som vart huslause brannen i hybelhuset på Sandane.

Politiet kom ved 20.30-tida til staden og starta etterforskingsarbeidet.

Hyttebrann på Sandane
Foto: Heidi Ravnestad / NRK