Det byrja med eit vogntog utan kjettingar i I 19-tida måndag. Snøen hadde lava ned i fleire timar då vogntoget køyrde seg fast i Halbrendslia på E39 i Førde.
Etter at fleire hundre bilar hadde stått eit par timar i kø, såg det ut som om trafikken løyste seg opp. Men så køyrde endå eit vogntog seg fast i 21-tida.
- LES OGSÅ:
Brukte halvanna time til og frå sentrum
Dermed vaks køa igjen, og politiet måtte dirigere trafikken. Også vogntog nummer to var utan kjettingar.
– Eg skulle hente kona på jobb i sentrum, og reiste heimanfrå som vanleg i 1930-tida. Eg plar bruke eit kvarter fram og tilbake. Men i dag tok turen halvanna time, fortel Odd Skrede.
Saman med fleire hundre andre stod han ufrivilleg i kø på grunn av det fastkøyrde vogntoget.
– Det har vore nok av tilfeller med vogntog som er dårleg skodd i vinter. Slikt bør ikkje skje, seier Skrede.
Kontrollerer alle vogntog
Politiet i Førde kontrollerar alle vogntog som skal køyre på E39 i kveld. Ingen tunge køyrety får kome forbi den manuelle dirigeringa utan å ha på kjettingar.