Hopp til innhold

Stakk av med prestekjole frå kyrkja

Dei drakk vin, spelte på kyrkjeorgel, ringde med klokkene og tende lys. Så stakk dei av med prestekjolen...

Monica Finden (kyrkjeverge i Aurland) tek med prestekjolen tilbake til Vangen kyrkje.

TILBAKE I KYRKJA: Kyrkjeverge Monica Finden kunne i dag bringe prestekjolen uskadd tilbake til kyrkja.

- Dei har nok kost seg med vin og spelt musikk på kyrkjeorgelet. Dei gjorde ikkje noko hærverk av betydning, berre kasta eit notestativ ned frå galleriet, seier kyrkjeverge Monica Finden i Aurland.

- Det verste var at det var forsvunne ein prestekjole. Det var det me likte minst i dette her, seier Finden til NRK Sogn og Fjordane.

Ikkje akkurat proffar...

Kyrkjetenaren oppdaga at steinkyrkja på Aurlandsvangen hadde hatt ubedne gjester då ho kom på jobb onsdag morgon.

Indikasjonane var klare på at innbrotet som hadde skjedd i løpet av natta korkje var profesjonelt eller særleg diskret gjennomført.

- Ein innbyggjar på Vangen har fortalt oss at han høyrde kyrkjeklokkene om lag klokka fire på natta, seier Finden.

La att bevis

Alarmsystemet viste seg å vere ute av drift, slik at inntrengjarane fekk styre på som dei ville inne i kyrkja - og reise med prestekjolen når dei gjekk leie.

Likevel vart dei pågripne onsdag kveld etter at politiet hadde fått temmeleg handfaste spor.

- Me fann nokre lappar inne i kyrkja som indikerte kven dette kunne vere, seier Finden.

På pianoet i kyrkja stod det at ei tom vinflaske. I følgje Sogn Avis snakkar me ikkje om kykjevin, men ein medbragt Chablis.

Kjolen er uskadd

To unge menn tilstod raskt, og dei leverte prestekjolen til politiet. Den blir henta av kyrkjevergen torsdag føremiddag.

- Eg veldig glad for at prestekjolen er komen til rettes. Det er ikkje kjekt å ha ein prestekjole på vidvanke. Éin ting er kostnaden i det, men det kjenslemessige er verre, seier Finden.

Tilbakemeldingane frå politiet tyder på at kjolen er uskadd. Og dersom nokon vil forsikre seg om at det verkeleg er tilfelle, byr høvet seg på søndag.

- Då har me gudsteneste i Vangen kyrkje klokka 11. Denne gongen med skikkeleg orgelmusikk, seier Finden.