Hopp til innhold

Sprengte postkasse

Ei postkasse langs riksveg 55 på Leikanger vart natt til i dag sprengt i stykker.

Dei siste dagane har det vore meldt om sprengde postkasser fleire stader i fylket, mellom anna i Gloppen.

Politiet fekk melding om nattas episode klokka halv fire.

– Vi er interessert i tips frå publikum, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt.