Kommentar: Rolf Sanne-Gundersen, distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane
Engasjement i sjukehussaka har plutseleg vorte eit stort problem i Sogn og Fjordane skal vi tru enkelte av foredragshaldarane på Helse Vest sitt strategimøte i Førde i dag fredag 7. januar.
«Aksjonsdemokratiet», som ordførar Torodd Urnes i Luster sa, han talte varmt for ei god ambulanseteneste og mindre varmt for nærleiken til næraste sjukehus. Svein Lundevall i brukarutvalet la til, «vi er truga av aksjonisme med avgrensa dagsorden». Han brukte også ordet «fakkeldemokratiet».
- Kva meiner du? Legg igjen kommentar heilt nede i artikkelen.
Applaus og latter
Også August Bakke, oppvaksen i Nordfjord no professor og tilsett i Helse Vest, var oppteken av nordfjordingane si rolle i sjukehussaka på ein måte som klart fortalt at han ikkje var særleg imponert over engasjementet.
Sjølvsagt vart alle slike synspunkt møtt med nikk, ja til og med applaus og latter. Vi var jo på eit møte for å diskutere viktige spørsmål, Helse Vest sin strategi fram mot 2020, og då var det jo politisk korrekt å refse engasjementet på grasrota, i Nordfjord spesielt.
Feige politikarar
Tilstades på strategimøtet var leiinga i Helse Vest med styreleiar Oddvard Nilsen og direktør Herlof Nilssen i spissen. Storparten av styret i Helse Førde var der, det same var leiinga med Jon Bolstad og co, fleire ordførarar, leiinga i fylkeskommunen og representantar frå andre utval og grupper.
Mange reflekterte personar som definerer engasjement som eit problem. Men engasjementet er ikkje problemet i det som Svein Lundevall omtalte som 40 år med sjukehusstrid. Mangelen på vedtak, uryddige signal og feige politikarar er problemet.
Klart innbyggjarane i Nordfjord, Sogn og fleire andre stader i Norge skal engasjere seg i framtida til sjukehuset sitt. Noko anna hadde jo vore oppsiktsvekkande. Folk bryr seg om sjukehustilbodet.
Vektige argument
Men det er ikkje engasjementet som skal styre dei politiske vedtaka. På møtet i Førde i dag vart det lagt fram fleire vektige argument for ei endring i sjukehustilbodet i Sogn og Fjordane, kanskje særleg med fokus på utviklinga innan teknologi som gjer at vi lev lenger enn tidlegare.
Det vart til dømes synt til at eit enkelt og heilt nødvendig apparat i Helse Bergen kosta 25 millionar kroner. I tillegg kosta det 20 000 kroner å bruke maskina per pasient. Slike apparat kan vi ikkje ha på alle sjukehusa.
Det er styremedlemmane i helseføretaka, politikarane i Regjeringa og på Stortinget si oppgåve å leggje vekt kva dei meiner er viktigast når dei tek ei avgjerd – faglege vurderingar eller engasjerte brukarar.
Problemet i Sogn og Fjordane er at dei politiske signala har sprika i alle retningar og at Regjeringa ikkje har klart å gi styremedlemmane i Helse Vest og Helse Førde signal dei kan styre etter. For ikkje å snakke om ein prosess som aldri tek slutt. Kven har ansvaret? I alle fall ikkje engasjerte innbyggjarar.
Kvar var 16 ordførarar?
Det som burde ha skapt engasjement i salen på Sunnfjord hotell i dag, ja til og med litt latter, var at heile 16 ordførar i Sogn og Fjordane ikkje fann tid til å høyre kva Helse Vest skal prioritere fram mot 2020. Det gir grunn til bekymring ei veke før fylkestinget skal diskutere saka, og midt i sjukehusdebatten.
Kvar var ordførarane i Årdal, Lærdal, Aurland, Leikanger, Vik, Balestrand, Gulen, Solund, Hyllestad, Naustdal, Gloppen, Eid, Stryn, Hornindal, Bremanger og Vågsøy?
Høglytt engasjement kan ikkje berre vise att i avisene og media elles. Det bør også vise igjen i viktige fora, og det var dagens møte. Ikkje rart ordførar Gunn Helgesen i Selje såg ein smule einsam ut der ho sat og høyrte raljeringa med engasjerte nordfjordingar.