Hopp til innhold

Spelte inn video på spøkelsespalass

 

Sogndalsbandet Tom Stockman har spelt inn musikkvideo på forlatte og nedslitte Harastølen i Luster.

Det svært bygget som ligg høgt oppe i fjellsida, har tidlegare vore brukt som sanatorium, psykiatrisk sjukehus og asylmottak.

Hadde lyst å lage musikkvideo

Musikkvideoen vart til etter at gruppa kom i kontakt med fotolærarane Sivelin Kjølstad og Lene Neverdal ved Sogndal Folkehøgskule.

– I sommar hjalp dei oss å ta eit Led Zeppelin-inspirert gruppebilete. Dei hadde også lyst å lage ein musikkvideo, og det ville vi også, fortel låtskrivar og vokalist Robert Mowatt.

– Perfekt som location

Mowatt hadde tidlegare vore ein tur på Harastølen med nokre venner.

– Vi måtte opp for å sjå, for den plassen er noko alle snakkar om. Den var perfekt som innspelingstad. Det er heilt spesielt der oppe.

Songen Uro handlar om kva som fører til uro og kva resultatet blir.

– I musikkvideoen var det viktig for oss å formidle uro på andre måter enn det sjølve teksten gjer.

– Kan skremme vettet av deg sjølv

På Harastølen klarte dei å få til dei estetiske bileta dei ville.

Gruppa Tom Stockmann med musikkvideoen URO

FRÅ MUSIKKVIDEOEN: Tannlegestolen stod på Harastølen og vart brukt under innspelinga.

Foto: Sivelin Kjølstad og Lene Neverdal

– Vi meiner også at vi klarte å framstille uroen gjennom karakterane vi hadde laga.

– Var det skummelt å vere i det tomme, nesten litt spøkelsesaktige bygget?

– Ja, det var det. Slepp ein fantasien laus, kan du nesten skremme vettet av deg sjølv.

Dei brukte ein dag på innspelinga. Rekvisittane fann dei der oppe, som til dømes tvangstrøyer, tannlegestol og kjøkkenutstyr. Mowatt fortel at dei har fått god respons på musikkvideoen

– Vi har fått veldig gode tilbakemeldingar. Eg tykkjer også at den blei bra med tanke på stemning, klipping og tempo. No har vi planar om å spele inn ein ny video i bokbyen i Fjærland. Det eine bandmedlemmet er nemleg sjefen der.

Mykje historie i veggane

Sivelin Kjølstad var ei av dei som filma og redigerte musikkvideoen.

– Vi spelte inn i desember og det var eit fantastisk dagslys. Det gjorde til at videoen fekk ei heilt spesiell stemning.

Ho tykkjer også at det var spesielt å gjere opptaka på Haratølen.

– Det er rart å tenkte på kor mykje historie som ligg i veggane der.

Robert Mowatt og Oda Bolstad i musikkvideoen Uro

I TVANGSTRØYÆE: Robert Mowatt frå Bergen og Oda Bolstad frå Luster i musikkvideoen Uro.

Foto: Sivelin Kjølstad og Lene Neverdal