Det er den klare oppmodinga frå vaktoperatør Kai Johnny Bugjerdet ved Vegmeldingssentralen i Lærdal måndag morgon.
Berre Filefjell var heilt ope
Midlvêret i helga har gjort forholda svært vanskelege langs vegane og ein periode var det berre Filefjell mellom aust og vest som var heilt ope. Men klokka 14.50 er både Strynefjellet, Hemsedalsfjellet og Filefjell opne for trafikk.
Måndag ettermiddag er riksveg 13 over Vikafjellet framleis stengd. Ifølgje vegmeldingssentralen vil vegen ikkje opne att i dag.
Også fylkesveg 53 mellom Årdal - Tyin er stengd på grunn av uvêr. Det same gjeld for fylkesveg 50 Hol - Aurland, heller ikkje denne vegen vert opna att måndag.
Fylkesveg 614 mellom Grov og Svelgen ved Magnhildskaret var lenge stengd grunna fare for ras. Etter at snø som hang faretrugande i fjellsida ovanfor vegen vart sprengd ned, opna vegen att klokka 11.
Nord for fylkesgrensa sperra ras vegen mellom Hellesylt og Stranda. Det får følgjer får rutebussar frå Stryn på veg nordover.
Mykje vatn
– Entreprenørane våre melder om mykje vatn i vegbana rundt om, og ein del stader snør det også kraftig, seier Bugjerdet.
(Artikkelen held fram under biletet.)
Vêret skal betre seg utpå føremiddagen, men det skal gjerast mykje oppryddingsarbeid.
– Ta det med ro
– Pass på, ver obs og ta det med ro. Vi rekk ikkje over alle vegar med ein gong. Nokre stader kan det gå lengre tid enn vanleg å komme seg fram. Det er nok ikkje dagen der alt går på skinner rundt om, fastslår vaktoperatøren på Vegmeldingssentralen.