Hopp til innhold

MGP Lokal direkte i nett-TV

Unge songtalent frå fylket skal vise seg fram på scena i Flora Samfunnshus. Fredag kveld kan du følgje finalen i MGP Lokal direkte i nett-TV.

Video MGP Lokal Sogn og Fjordane

FINALISTANE: Du kan sjå dei direkte i nett-TV på fredag.

Anne Rimmen og Per Sundnes

LEIAR MGP: Anne Rimmen og Per Sundnes.

Foto: Ole Kaland / NRK
Solveig Hareide

FLORA-JENTE: Solveig Hareide tek turen heim for å leie MGP Lokal.

Foto: Anne Liv Ekroll

Songtalenta kjem frå heile fylket og er mellom 10 og 17 år. Dei har kvalifisert seg til denne finalekvelden etter delfinalar i Sogndal, Førde, Dale og på Sandane. Det er elevar frå Firda vidaregåande skule som produserer tv-bileta frå NRK.

Kjende programleiarar

MGP-programleiarane Per Sundnes og Anne Rimmen og Solveig Hareide som er kjend frå Barne-TV skal vere konferansierar.

Stem på din favoritt

Dei fem beste frå denne finalen får opptre på den store MGP-scena i Florø Idrettssenter dagen etter, rett før TV-sendinga startar.

Vinnaren er den som totalt får flest røyster frå publikum og fagjury. Vinnaren får reise til den norske MGP-finalen i februar.

Fram til finalen fredag kan du vere med å stemme på din favoritt mellom dei 16 songane.

Følg sendinga direkte på nrk.no/sf frå klokka 19:30 fredag.