Hopp til innhold

Florø toppar bustadprisane

No er det kystbyen som har dei høgaste prisane på bustader.

Florø by

DYRT: Florø toppar lista over dyre bustader. No må du ut med 15859 kroner per kvadratmeter einebustad du vil kjøpe deg her.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Kystbyen går forbi Førde som vanlegvis har hatt dei høgaste pbustadprisane.

Tusenlappane forsvinn fort

No kostar det 15859 kroner per kvadratmeter einebustad du vil kjøpe deg i Florø. Det er ei auke på 9,8 prosent i følgje tal frå Statistisk sentralbyrå.

I Førde er talet 15796 kroner per kvadratmeter i einebustad.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Sel for få bustader

SSB treng eit visst kjeldegrunnlag for å gjere sine utrekningar, og det er ikkje alle kommunane i fylket som kjem med på lista over bustadprisar. Det vert nemleg solgt for få bustader for å komme med i statistikken.

Det same melder Eff, Eiendomsmeglerforetakenes Forening. Der er ikkje Sogn og Fjordane med i talmaterialet.

- Dette arbeider vi med, og i løpet av året håpar vi at vi kan ha Sogn og Fjordane med i statistikkmaterialet vårt, seier Hanne K. Railo dagleg leiar i Eff.

Høge prisar

Skal du kjøpe deg eit hus i Sogndal må du ut med 14918 kroner per kvadratmeter einebustad.

Den gjennomsnittlege prisen per kvadratmeter einebustad i fylket var i 2010 12676 kroner.

For småhus låg prisen per kvadratmeter på 17684 og for ei blokkleilegheit måtte du i snitt ut med ein sum per kvadratmeter på 22603 kroner.

Auka overalt

I heile landet steig byggekostnadane i 2010 med 3,6 prosent samanlikna med året før viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Materialkostnadene steig med 3,5 prosent i den same perioden.

Kostnadene for einebustader av tre og bustadblokker auka begge med 0,1 prosent frå november til desember i 2010.

I den same perioden steig materialkostnadene også med 0,1 prosent for begge bustadtypane.