Hopp til innhold

20 meter høge bølgjer ved Stad

Bølgjene var 20 meter høge ved Kråkenes fyr i Vågsøy fredag ettermiddag. Og det var før den varsla stormen hadde kome skikkeleg inn.

Vestlendingar er vande med ruskeveir på vinterstid og mange er budde på ein uroleg start på helga.

Klokka 19 fredag kveld var det full storm ved Stad. Siste observasjon ved Kråkenes var 26 m/s.

– Allereie klokka 11 i føremiddag var det full storm og det har blese kraftig i heile dag. Maks middelvind har vore oppe i 29 m/s, altså nesten sterk storm. Vi har hatt vindkast på 34 m/s, seier vakthavande meteorolog Mette Skjerdal ved vervarslinga på Vestlandet .

Artikkelen held fram under videoen

Video Storm ved Stad

SJÅ VIDEO: Full storm ved Stad i ettermiddag.

Kraftig vind i morgon også

Det har altså blåst kraftig på kysten av Sogn og Fjordane i dag, men vakthavande meteorolog Mette Skjerdal ved vervarslinga på Vestlandet seier at det minkar utover natta.

– Vinden er på veg nordover no, seier ho.

I morgon er det venta stiv kuling og i periodar sterk kuling på kysten av Sogn og Fjordane.

– Det er kraftig vind dette også, og den merkast godt.

Uveret på veg nordover

Hurtigruten surfer på bølger på Flø i Ulstein

FØR STORMEN: Slik såg det ut då hurtigruta passerte Flø på Sunnmøre fredag formiddag. Då var det framleis fleire timar til det skulle blåse storm i området.

Foto: Bente Sellevoll

No er uveret på veg mot kysten av Møre og Romsdal og Trøndelag. Bølgjene går alt no langt inn over land mange stader. Storm kombinert med svært høg flo, fører til at mange fryktar følgjene av veret i dag.

– Vinden vil auke på utover kvelden. Den sterkaste vinden vil komme i natt, seier meteorologen.

Det er venta kraftig vind også i Rogaland i morgon, med forbigåande vestleg liten storm

Har du bilete av uveret?

Har du bilete av uveret? Send det på epost til sf@nrk.no eller som MMS til 1987 med kodeord SF. Vi trekkjer ut tre innsendarar som får kvart sitt NRK-krus.

Video 1c3f9c74-b284-4d5f-9648-3cc98e54e6df.jpg

SJÅ VIDEO: Denne sjøstrekninga er landets mest frykta.