Hopp til innhold

- Gatene er reine symjebassenget

Dei som ferdast i gatene i Høyanger sentrum måndag gjorde truleg lurt i å ha støvlar på beina. – Det var som å ferdast i eit symjebasseng, seier Sten Af Geijerstam.

Dårleg brøyting Høyanger

VÅTT: Slik såg det ut i gatene i Høyanger måndag ettermiddag ved 14-tida.

Foto: Sten Af Geijerstam

Vêrgudane har i ein god periode servert regn, regnbyer og slapsesnø over heile Sogn og Fjordane. I Høyanger vart dette i dag liggande att i gatene.

- Då eg tok bileta i 14-tida hadde det ikkje vore brøytt i heile tatt. Det var som å symje rundt i gatene, seier Af Geijestam sint.

- Det var ein tragedie å sjå på

Han forstår ikkje kvifor kommunen ikkje har hatt folk ute til å få fekk dei store mengdene med slaps, snø og vatn. Af Geijerstam seier vidare at det gjennom heile vinteren har vore dårleg vedlikehald i sentrum.

- Då det var mykje snø før jul fekk dette fryse til is då mildvêret kom. Den isen slit ein med fleire plassar endå. Det er heilt forferdeleg fleire stader, seier Af Geijerstam vidare.

Han seier det har vore manglande brøyting både langs vegane og på fortaua.

(Artikkelen held fram under biletet)

Slaps i Høyanger

VANSKELEG: Sten Af Geijerstam seier det var som å ferdast i eit symjebasseng i gatene i Høyanger.

Foto: Sten Af Geijerstam

- Dette tek vi på alvor

Men i Høyanger kommune vil ikkje Arne Hauge gå med på at det vert slurva med vedlikehaldet.

- Dette er noko vi tek på høgste alvor og som vi gjer så godt vi kan, seier Hauge som er kommunalteknisk sjef i kommunen.

Han seier denne vinteren har vore spesiell, med mykje snø og kulde. Årsaka til at det i dag vart liggjande snø og vatn i gatene har si forklaring, fortel han.

- Vi har fått havari på to av dei maskinene vi brukar til brøyting. Den eine rauk i helga, medan den andre rauk i dag tidleg, seier Hauge til NRK.

Leigde inn utstyr

Etter at dei to maskinene vart sett ut av spel har kommunen leigd inn utstyr og det har blitt arbeidd for fullt utover heile ettermiddagen og kvelden med å brøyte gatene.

- Det var ein kriseperiode tidlegare i dag, og det er ikkje nødvendigvis slik at vi er nøgde med den situasjonen. Men slike ting skjer, og det tok vi tak i og har handla etter beste emne, seier Hauge.

I løpet av vinteren har det kome klager frå heile fylket på dårleg brøyting. Fleire stader har også Statens vegvesen vore misnøgde med den jobben som er gjort.

- Ein spesiell vinter

Hauge i Høyanger meiner publikum må forstå at det er ein spesiell vinter for dei som driv med vedlikehald.

- Eg meiner folk må vise litt forståing for at det er ein vanskeleg vinter. Mannskapa våre gjer ein kjempejobb, seier Hauge.

Af Geijerstam er ikkje imponert over jobben kommunen gjer.

- Dei bør syte for at redskapane er i orden til ei kvar tid, slik at ein unngår slike situasjonar.

Vatn i gatene i Høyanger

VATN: Det var mykje vatn og slaps.

Foto: Sten Af Geijerstam