Hopp til innhold

Viste fram ulykkesdekk i rettssalen

Det var eit kaotisk syn som møtte politibetjent Eivind Bjørke då han kom på ulykkesstaden på Haus. Onsdag var han i retten med dekka frå ulykkesbilen.

Politibetjent Eivind Bjerke med bildekka

ULYKKESDEKKA: Eivind Bjørke viste fram dekka som sat på bilen under dødsulykka på Haus.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

- Det var det totale kaos som møtte oss, sa Eivind Bjørke då retten vart sett på Nordfjordeid onsdag.

Han var førstemann frå politietaten på staden, og vart i retten beden om å gje eit anslag over kor stor fart ulykkesbilen hadde.

LES OGSÅ:

Bjørke kunne ikkje gje eit godt svar, men meinte bilen iallfall måtte ha hatt meir enn 60 kilometer i timen i svingen. Fartsgrensa på staden er 80 kilometer i timen.

Sentralt i saka tysdag var dekka på ulykkesbilen. Sakkunnig Torgeir Bang frå Vegvesenet vurderte framdekka som lovlege, men at mønsteret på bakdekka var svært dårleg.

Retten skal onsdag ettermiddag vidare på synfaring på ulykkesstaden på Haus. Deretter ønskjer ein å ta ein kikk på ulykkesbilen.

Dekk frå ulykkesbilen

SENTRALE: Bildekka var sentrale i rettssaka tysdag.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK