Hopp til innhold

Djupe spor i asfalten kan ha vore medverkande til dødsulukka

Kan djupe spor i asfalten ha vore ei medverkande årsak til dødsulukka der bilen med fire ungdomar fekk skrens og small i fjellveggen på riksveg 15 ved Haus i april i fjor?

Eivind Bjørke, Torgeir Bang

VISTE FRAM: Eivind Bjørke som var første politimann på staden, og sakkyndig i vegvesenet Torgeir Bang fortalde retten kva dei trudde skjedde då ulukkesbilen small i fjellveggen på Haus.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Dette vart eit sentralt spørsmål då Fjordane tingrett var på synfaring på ulukkesstaden ved Haus utanfor Eid onsdag.

Ungdomar må svare etter dødsulukke

To ungdomar frå Sunnmøre omkom i ulukka. No står sjåføren og bileigaren som begge var med i ulukkesbilen på tiltalebenken.

Sjåføren er tiltalt for aktlaust drap, medan bileigaren står tiltalt for medverknad til aktlaust drap.

Politibetent Eivind Bjørke, som saman med ein kollega var første politimann på ulukkesstaden og sakkyndig Torgeir Bang frå Statens vegvesen skildra i dag korleis dei trur ulukka skjedde, då retten var på synfaring ved Haus.

(Artikkelen held fram under bilete)

Retten på synfaring etter ulukka på Haus.

SYNFARING: Frå venstre tingrettsdommar Bjørn Gunnar Sælen, politibetent Eivind Bjørke, forsvarar til bileigaren Harald Stabell, aktor Knut Broberg, sakkyndig i Statens vegvesen, Torgeir Bang.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Djupe spor i vegbana

Djupe spor i vegbana, eventuell høg fart, slitte dekk, ein seinka og stiv bil og moglegheitene for at vegen var våt, kan alle ha vore medverkande årsaker til dødsulukka.

Like før ulukkessvingen var det djupe spor i vegbana. Desse vart målt til tre centimeter etter den stygge ulukka. Retten har dermed fått nok eit omsyn å ta omsyn til.

Bang i vegvesenet la ikkje skjul på at asfalten slik den er på staden vil kunne få ein stiv bil med lågprofil dekk til å bli ustabil.

I sjølve ulukkessvingen er derimot asfalten betre.

Vanskeleg å fastslå fart

Eit anna viktig moment på åstadsynfaringa var kva fart ulukkesbilen hadde då den kom inn i svingen.

Bang i vegvesenet uttalte at ein fint kan køyre i både 80 og 90 km/t gjennom ulukkesvingen.

Også 100 km/t skal ein klare.

- Men då byrjar det å bli ubehageleg, sa Torgeir Bang som er Statens vegvesen sin sakkyndige i saka.

Det kan vise seg å bli ei utfordring for retten å fastslå kva fart ulukkesbilen faktisk heldt då den small i fjellveggen.

(Artikkelen held fram under bilete)

Trafikkulykke på rv. 15

ULUKKE: Fire personar sat i ulukkesbilen. To av dei omkom. Dei to andre sit no på tiltalebenken.

Foto: Øystein Torheim

I retten i dag kom det fram at ein har sikra seg bilete av skrensespor på staden, men ein rakk aldri å måle lengda på spora før desse regna vekk.

Heller ikkje politibetent Bjørke torde i sitt vitnemål å anslå farten bilen hadde. Men ut i frå skadane på både bil og dei som sat i den, meinte han erfaringsmessig at det må ha vore stor fart med i bilete.

Mellom anna skal fleire bildelar ha blitt kasta langt vekk i frå bilvraket.

Vitne har i sine forklaring gitt uttrykk for at dei meinte farten var høg.

Dårlege dekk på ulukkesbilen

Før retten reiste ut på ulukkesstaden vart dekka på bilen vist fram i rettslokalet på Eid.

Framdekka hadde lovleg mønsterdjupne, medan bakdekka var heilt utslitne.

- Det er uvanleg å sjå slike dekk på ein bil, sa politibetent Bjørke i sitt vitnemål.

Både politivitne og vegvesenet sin sakkyndig la vekt på at dekka må ha hatt svært dårleg veggrep.

(Artikkelen held fram under bilete)

Eivind Bjørke

DEKKA: Politibetent Eivind Bjørke viste fram dekka bilen hadde då den køyrde i fjellveggen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Vil kalle inn nye vitne

Ulukkesbilen hadde eit såkalla seinkesett slik at bilen ligg svært lågt. Ifølgje forsvararen til bileigar førte det til at det var vanskeleg å sjå mønsteret på dekka når dei stod fast på bilen.

Den tiltalte bileigaren poengtera at han hadde sett mønster på kanten av dekka og rekna med at dei då var endå betre på midten . Noko dei realiteten ikkje var.

Bileigaren som fekk ta ordet under Bjørke sitt vitnemål, hevda også at dekka ikkje var så slitte då han og to kameratar sette dei på tre veker før ulukka.

Det er dermed eit mysterium korleis dekka kan ha blitt så dårlege på så kort tid på ein framhjulsdriven bil.

Forsvarar Harald Stabell bad aktor om at dei to kameratane som var med å leggje på dekka på ulukkesbilen, vert kalla inn som vitne.

Etter synfaringa fekk retten også sjå bilvraket.

I morgon torsdag skal Torgeir Bang gje si formelle forklaring. Også den tidlegare eigaren av ulukkesbilen skal vitne.