Rekordmange filmar har meldt seg på Sogndal filmfestival. Heile 44 filmar frå heile fylket fekk arrangørane inn.
Av desse har ein jury nominert 10 filmar til «Publikumsprisen» der NRK Sogn og Fjordane stiller med premien. Den er eit kamera til ein verdi av 8000 kroner.
Det er tredje klasse ved medium og kommunikasjon i Sogndal som arrangerer filmfestivalen som går av stabelen 14.-15. mars.
Direkte i nett-TV
Prisane blir delte under ein gallakveld tysdag 15. mars. Katogoriane er dokumentar, reklame, animasjon og fiksjon. Det blir også delt ut ein fagjurypris, i tillegg til publikumsprisen.
Filmgallaen blir sendt direkte i nett-TV på nettsidene til NRK Sogn og Fjordane tysdag frå klokka 18.
No kan du vere med å stemme på den du meiner skal vinne «Publikumsprisen». Fristen er tysdag 15. mars klokka 14.
Filmane ser du lenger nede i denne artikkelen.