Hopp til innhold

Kjøsnesfjorden utpeikt som område

Ei gondolbane i Kjøsnesfjorden i samarbeid med bresenteret i Fjærland hadde vore veldig interessant, seier Vigdis Tonning.

Video Gondoldebatt i Jølster

Tonning er leiar i Jølster Venstre, og har gondolbane på partiprogrammet i inneverande periode. No vil dei ha fart i debatten.

- Det må bli gjennom eit spleiselag. Her må private bedrifter og kommune inn med midlar skal dette bli realisert, seier ho.

Fjell- og fjordfylket Sogn og Fjordane har i dag ikkje ei einaste gondolbane som kan frakte turistar og andre opp i høgda.

Betre enn helikopter

- Ei gondolbane vil kunne erstatte ein del av helikoptertrafikken som er både støyande og ikkje særleg miljøvenleg, meiner partileiaren.

Vigdis Tonning

PÅDRIVAR: Venstre-leiar i Jølster Vigdis Tonning.

Foto: Torje Bjellaas

Ho peikar på at ei gondolbane ville gje nye grupper tilgong til fjellet, til dømes funksjonshemma.

- Eit krav

- Eg trur rett og slett at turistane krev det, seier Synneøve Aabrekk i Reisemål Stryn og Nordfjord.

Reislivsnæringa applauderar diskusjonane rundt gondolbane. Miljørørsla derimot er svært skeptiske.

Øydelegg trekkplaster

- Den urøyrde naturen er vårt fremste trekkplaster. Det har folk kome hit for å oppleve i over hundre år, seier Marino Ask i turlaget.

Han trur det er urøyrd natur turistane vil etterlyse også i åra framover.

Venstre som også seglar under ein miljøprofil legg vekt på at ei gondolbane ikkje må øydeleggje naturen.

- Sjølvsagt må vi finne eit område som ikkje kjem i konflikt med dei verna områda rundt Jostedalsbreen, seier Tonning.

SV positive

Nettopp difor har dei peika ut området rundt Kjøsnesfjorden.

- Rundt Kjøsnesfjorden Kraftverk er inngrepa allereie gjort, seier Toning.

Sjølv ikkje miljøpartiet SV er avvisande til gondolbane.

- Ei gondolbane gjev ein tilgong til fjellet som nødvendigvis ikkje har så store naturinngrep, seier Årdal.

Jølster kan godt vere passande, meiner Årdal.

Men understrekar at bygginga av ei bane må sjåast i høve til turistgrunnlaget.

- Det er jo ikkje berre til å setje opp ei gondolbane, for det må jo vere ein del som kan bruke den og, seier Årdal.

Heilårsdrift

Venstre trur ei gondolbane vil kunne utløyse ein form for geoturisme.

Tonning meiner det er viktig å få til ei bane som har heilårsdrift .

- Geoturisime i kopling med bresenteret i Fjærland hadde vore interessant.