Hopp til innhold

Så mykje regn har det kome

Fleire målestasjonar i Sogn og Fjordane har det siste døgnet fått over 100 millimeter nedbør. Mest har det kome på målestasjonen på Eimhjellen i Gloppen – der er det målt 144 millimeter nedbør siste 24 timar.

- Dette er veldig mykje nedbør, seier vakthavande Geir Ottar Fagerlid ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Dei store nedbørsmengdene har sidan måndag ført til store problem langs vegane på Vestlandet. Berre i Sogn og Fjordane er over 30 vegar stengde tysdag morgon.

Over 100 millimeter fleire stader

I tillegg til målestasjonen på Eimhjellen i Gloppen, har også stasjonen på Lavik, Høyanger Verk, Haukedalen i Førde og Botnen i Angedalen i Førde fått over 100 millimeter nedbør siste døgnet.

Her er nokre av målingane

  • Lavik 129 millimeter
  • Høyanger verk 117 millimeter
  • Haukedalen i Førde 111,4 millimeter
  • Botnen i Førde 116,9 millimeter
  • Viksdalen i Gaular 91,4 millimeter
  • Takle i Gulen 97,4 millimeter
  • Førde 80,3 millimeter

Dei store nedbørsmengdene gjer også at det er stor fare for snøskred. Snøskredfaren ligg no på 4, som vil seie at det er fare for snøras i mange skråningar. Dette sjølv om ein berre får ei lett tyngd oppå snøen.

LES OGSÅ:

(Artikkelen held fram under biletet)

Ras ved Balestrand

MYKJE VATN: Mykje nedbør siste døgnet har ført til fleire ras langs vegane i Sogn og Fjordane. Både snø- og jordras stengjer fleire vegar.

Foto: Steinar Lote / NRK

- Over halvparten av det som kjem på ein månad

For folk flest kan det vere vanskeleg å forstå kor mykje nedbør dette eigentleg er. Men statsmeteorologen kan understreke at det er mykje. På ein vanleg dag i mars plar nedbøren å ligge ein stad mellom 5 og 25 millimeter.

- Tar vi til dømes Eimhjellen, så har det kome over halvparten så mykje nedbør på eitt døgn, som det gjer i løpet av ein normal månad, seier Fagerlid.

- Mykje vatn skal renne vekk

For månadsnormalen for denne målestasjonen ligg på 250 millimeter, og berre i løpet av dei siste 24 timane har det altså kome 144 millimeter.

- Dette er betydelege mengder. Med tanke på mengda snø som ligg i terrenget, så er dette dramatisk. Det er mykje vatn som skal renne vekk, og både elvar og vassdrag vert store, seier Fagerlid.