Hopp til innhold

Kjøsnesfjorden opna att

Riksveg 5 gjennom Kjøsnesfjorden opna like over klokka 11 tysdag føremiddag.

Kø etter stenging ved Kjøsnesfjorden

OPE: Det danna seg lange køar før vegen gjennom Kjøsnesfjorden opna tysdag klokka 11.

Foto: Birger Meland / NRK

Vegen er blant mange som har vore stengde på grunn av dei store nedbørsmengdene i Sogn og Fjordane måndag og tysdag.

- Rasoverbygga har tydeleg gjort jobben sin. Det er berre nokre små ras som har kome ned over vegen, medan fleire store ras har gått over rasoverbygga, seier NRK-reporter Birger Meland som var ein av dei første som køyrde gjennom Kjøsnesfjorden.

Nytt ras

Like over klokka 12.40 fortel ein innringar at det har gått eit nytt ras på riksveg 5 i Kjøsnesfjorden.

Raset dekkjer eine køyrefeltet, men ifølgje vegtrafikksentralen vert vegen ikkje stengd.

Tysdag morgon var over 30 vegar stengde berre i Sogn og Fjordane som følgje av ras, rasfare, flaum og uvêr.

Eivind Yttri i Statens vegvesen seier dei kontiunerlig gjer vurderingar for kor tid dei kan opne vegane att.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gamlebrua over Tverrdalselva i Fjærland har fått smake på naturkreftene

STORE KREFTER: Gamlebrua over Tverrdalselva i Fjærland har fått smake på naturkreftene.

Foto: Birger Meland / NRK

Slik var det på vegane klokka 14.

  • Riksveg 13 Vikafjellet – stengd grunna snøras. Vert ikkje opna att i dag.
  • Riksveg 15 Strynefjellet – stengd grunna fare for ras. Ny vurdering klokka 16.
  • Fylkesveg 13 Dragsvik – Vetlefjorden ved Sandskreda bru – stengd grunna snøras.
  • Fylkesveg 13 Gaularfjell, ved Mel – stengd grunna snøras.
  • Fylkesveg 50 Hol- Aurland – kolonnekøyring grunna uvêr.
  • Fylkesveg 53 Øvre Årdal – Holsbru – stengd grunna snøras
  • Fylkesveg 53 Tyin-Årdal - stengd grunna uvêr. Vert ikkje opna att i dag.
  • Fylkesveg 55 Balestrand – Høyangar ved Flesje bru – stengd grunna jordras
  • Fylkesveg 55 Balestrand – Dragsvik ved Esebotn bru – stengd grunna fare for ras
  • Fylkesveg 92 Vik-Arnafjord – steng grunna snøras
  • Fylkesveg 93 Nautsund – Vadheim, ved Heldalsheia – stengd grunna fare for ras. Ny vurdering torsdag.
  • Fylkesveg 152 Ulvastad – stengd grunna snøras. Vert ikkje opna att tysdag.
  • Fylkesveg 241 Gudvangen – Bakka ,ved Bakka – stengd grunna fare for ras. Vert ikkje opna tysdag.
  • Fylkesveg 337 Hafslo – Veitastrand – stengd grunna snøras
  • Fylkesveg 453 Klakegg – Fonn, ved Veiteberg – stengd grunna overfløyming
  • Fylkesveg 481 Storehagen – Botnen – steng grunna flaum
  • Fylkesveg 615 Storebru – Sandane(Hyen-Hestnesøyra) – stengd grunna jordras. Vert ikkje opna att tysdag.
  • Fylkesveg 691 Gjengedal – Aa bru – open for trafikk, vert nattestengd frå klokka 19 tysdag kveld.
  • Fylkesveg 723 Bødal – Loen – stengd grunna snøras
Ras i Fjærland

RAS: Det har gått fleire snøskred i Fjærland. Dette skal ikkje ha gjort noko skade.

Foto: Birger Meland / NRK