Hopp til innhold

Lerum leverte i fjor

Lerum leverte eit godt resultat for 2010, med over 22 millionar i overskot før skatt.

Lerum i Sogndal

RESULTAT: Lerum gjekk med over 22 millionar i overskot i fjor.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det er ein auke i overskotet på tre millionar i høve til 2009, og det trass i at omsetnaden har gått ned.

Alle dei tilsette kan vente seg ein bonus for innsatsen i fjoråret. Det lovar leiinga i konsernet.

Vil relansere saft utan sukker

Ifølgje ei pressemelding har Lerum hatt stor konkurranse og press på salsvolumet i 2010, men samla sett har konsernet synt god drift og stabil lønsemd.

– Premiumprodukta har hatt god utvikling. Relanseringa i september 2010 av Lerums syltetøy utan tilsett sukker har gjeve god oppsving i salet, heiter det i pressemeldinga.

I 2010 fekk Lerums utvalde syltetøy ei rekkje design- og reklameprisar. Begge desse seriane (premium og utvalde) er tildelt merket for god design i mars i år. I løpet av første kvartal 2011 vil dei også relansere saft utan tilsett sukker.

Rosar dei tilsette

– Det er tilfredsstillande at vi klarar og halde god lønnsemd i eit år med sterk konkurranse og press på salsvolumet. Høgt fokus på effektiv drift, kvalitet og forbetring av interne prosessar, samt høg leveringsevne og fleksibilitet i produksjon er viktige faktorar for resultatet. Nok ein gong har alle dei tilsette lagt ned ein fantastisk innsats, seier administrerande direktør Trine Lerum Hjellhaug.

Ikkje berre får dei tilsette ros for innsatsen, dei får også bonus.

– Alle dei tilsette vil få ein velfortent bonus for god innsats i 2010, lovar økonomidirektør Bernt Bergheim.

Krevjande etter bortgang

– Vi har lagt bak oss eit krevjande år, både i jobb- og familiesamanheng. Spesielt tøft har det vore for familien at Bjarne gjekk bort i oktober. Det arbeidet han har gjort saman med Kåre, gjer at verksemda i dag står fram som ei av dei leiande næringsmiddelprodusentane i Noreg, seier Lerum Hjellhaug.

– Han vil bli hugsa som ein ansvarleg eigar, ein klok leiar, ein god kollega og ein kjær onkel og far.

Trine Lerum Hjellhaug tek over som konsernsjef etter Jan Petter Vadheim.

TOK OVER: Trine Lerum Hjellhaug tok over som konsernsjef etter Jan Petter Vadheim i fjor.

Foto: Arve Uglum / NRK