Hopp til innhold

Overlegen NM-siger

Tarjei Bø traff 19 av 20 blinkar, og vann overlegent normal-distansen i NM i skiskyting i Målselv.

Tarjei Bø

OVERLEGEN: Tarjei Bø vann suverent under NM i Målselv.

Foto: Karl Kristian Langeland/NRK

Veslebror Johannes Thingnes Bø (18) skaut fire bom på standplass. Men med ein fantastisk fart i sporet gjekk han inn til ein sterk sjetteplass.

– Det er veldig kjekt å konkurrere mot dei beste i både landet og verda. Kjekt å sjå at ein kan hevde seg blant dei, seier Johannes Bø til NRK etter løpet.

– Eg følte eg hadde bra trykk heile vegen. 20 kilometer er ganske langt, eigentleg.

– Trudde det skulle vere hardare

Dermed er to av dei seks beste skiskytterane i Noreg frå Markane IL i Stryn.

– Det gjekk betre enn eg hadde forventa. Eg hadde trudd det skulle vere hardare, seier Johannes Bø.

Ronny Hafsås frå Stårheim vart nummer 18. Han hadde seks tilleggsminutt og var vel sju minutt bak Tarjei Bø i mål.

I kvinneklassa gjekk Ann Kristin Flatland inn til bronsemedalje. Flatland skaut tre bom tilsaman, og gjekk i mål nesten fem minutt etter vinnar Tora Berger.

Mest imponert av Johannes

Klemte Bø, far til både Tarjei og Johannes, fulgte heile konkurransen «ringside» i Målselv. Han er både stolt og imponert.

- Det som imponerte meg mest i dag var at Johannes greide å bli nummer seks i eit seniorren med fire bom.

– Eg trudde han kanskje kunne hevda seg blant topp ti med nokonlunde skyting. Men ikkje med fire bom. Det syner berre at han går utruleg fort.

– Han har aldri gått 20 kilometer i skiskyting før.

Klemet Bø og Aslaug Thingnes Bø

STOLTE FORELDRE: Klemet Bø og Aslaug Thingnes Bø er stolte foreldre til to skiskyttarar i verdsklasse.

Foto: Karl Kristian Langeland/NRK

Storebror i god form

Han er også imponert over storbror Tarjei, som har vore i god form heile sesongen.

- Ja, det er veldig imponerande. Han har gått samtlege individuelle renn, seier Klemet Bø.

Meir langrenn

Veslebror Johannes beviste i dag at han kan gå fort på ski. Det vil han utforske meir vidare.

– Eg kjem til å gå meir langrenn neste år. I det minste i kvalikrenna til junior-VM i langrenn. Så får vi sjå om eg greie å kvalifisere meg.

– Til helga er det sprint. Kva tenkjer du om det?

– Eg har ikkje så store forhåpningar til sprinten. Eg prøver å leggje eit best mogleg utgangspunkt til jaktstarten for det er der eg har lyst til å gjer det godt.

Johannes Thingnes Bø på startstrek

IMPONERAR: Berre 18 år gammal hevda Johannes Thingnes Bø seg blant verdseliten i dag.

Foto: Rune Fossum / NRK