Hopp til innhold

- Det passa veldig bra å feire slik

I sin første kamp på Fosshaugane på 11 år, klinka Eirik Bakke ballen i nota - og sprang rett til bortesupportarane.

Eirik Bakke knaller inn 1-1 for Sogndal

MÅL: Eirik Bakke får full treff og klinkar ballen i nettmaskene til 1-1 for Sogndal.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Kampen var 43 minuttar gamal då Bakke klinka til frå skrått hald og utlikna Torgeir Børven sitt leiarmål etter tre minuttar.

Den tidlegare Brann-spelaren sprang rett til Odd-supportarane som stod bak målet, men fekk lite respons.

- Dei skreik på meg kor dårleg eg var under kampen. Så det passa eigentleg veldig bra å springe bort. Det var eit lite stikk til dei, forklarer sogndalspelaren.

Kunne avgjort

Eirik Bakke omfavna etter scoring.

JUBLA: Framfor supporterskaren frå Skien mottok Bakke gratulasjonane frå medsupporterane.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Der og då fekk både Sogndal og heimepublikumet håp om både eitt og tre poeng mot Odd. På Fosshaugane har Sogndal aldri tapt for Odd Grenland, men det var gjestene frå Skien som trekte det lengste strået.

Målet vart ei mager trøyst for den heimvende midtbanespelaren. 1-4 i comebacket på heimebane var langt frå det Bakke hadde håpa.

- Det var ikkje slik det skulle bli. Mål pregar kampar. Vi har sjansar til å avgjere det sjølve, så rotar vi det til for oss sjølve der bak. Dei var litt meir kyniske enn oss i begge boksar, seier Bakke.

- Ikkje klare mot Start

- Men vi er vande med å kjempe med ryggen mot veggen, og skal komme sterkare attende, seier Bakke.

Dag Eilev Fagermo var ein nøgd Odd-trenar etter kampen. Etter tap heime for Start i serieopninga, var sigeren på Fosshaugane svært viktig.

- Vi var ikkje heilt klare då, men no byrjar vi å komme oss. Fleire av spelarane er i betre form enn mot Start og gjer difor ein god kamp i dag, seier Fagermo.

- Beste laget vann

Gjestene frå Skien skapte fleire store sjansar i kampen. Mellom anna ei avslutning i treverket. Sogndal på si side hadde eit skot blokkert på streken i første omgang.

- Eg tykte vi var det beste laget i heile kampen. Sogndal skaper ikkje mykje. Dei hadde vel ein stor sjanse i kvar omgang i tillegg til scoringa, medan vi skaper store sjanser i begge omgangar. Det beste laget vann, konstaterer han.