Hopp til innhold

Væpna aksjon i Eikefjord

Ein mann i 30-åra vart fredag kveld pågripen etter ein væpna politiaksjon i Eikefjord.

Pågripen etter politiaksjon.

PÅGRIPEN: Under pågriping fann politiet ein luftpistol på mannen i 30-åra.

Foto: Simon Solheim / NRK

Politiet aksjonerte etter at dei i 17.40-tida fekk melding om ein person som gjekk langs vegen mellom Eikefjord og Stavang. Han skal ha avfyrt skot mot terrenget.

- Meldinga gjekk på at det var skote med handvåpen. Skota var berre ut mot terrenget, seier politimeister Johan Brekke ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Fann luftpistol

Væpna politiaksjon.

SPERRING: Politiet sette opp vegsperring på vegen.

Foto: Simon Solheim / NRK

Tenestemenn på staden har meldt tilbake til operasjonssentralen at mannen bar på ein luftpistol. I juli i fjor fekk politiet skarp kritikk då dei ikkje rykte ut etter melding om hagleskot ved eit bustadfelt i Nordfjordeid.

I Eikefjord rykte politiet ut med opp mot ti væpna politimenn. NRK sin reporter på staden opplyser om to uniformerte og tre sivile politibilar. Det vart sett opp politisperring langs vegen og i 1930-tida var aksjonen avslutta.

- Meldinga gjekk på at det var våpen inne i biletet. Då må vi ta det på alvor og handle ut frå det, seier Brekke.

Utan dramatikk

Den pågripne mannen i 30-åra er ein såkalla kjenning av politiet. Han vart pågripen utan dramatikk.

- Personen vart pågripen utan dramatikk. Vedkommande blir teken med til Flora politistasjon der han vil bli avhøyrd, seier Brekke.