Hopp til innhold

Langar ut etter pelsdyr-nei

Pelsdyrnæringa langar ut etter at Arbeidarpartiet i dag gjekk inn for å avvikle næringa.

Finn Årdal

AVVIKLING: Finn Årdal langar ut mot Arbeidarpartiet etter at landsmøtet gjekk inn for styrt avvikling av pelsdyrnæringa.

Foto: Hilde Zahl / NRK

AV 295 delegat, gjekk 170 inn for styrt avvikling av pelsdyrnæringa. Mindretalet på 125 gjekk inn for at oppdrettarane skulle få halde fram under streng overvaking.

- Det er veldig spesielt av eit seriøst parti som eg trudde Arbeidarpartiet var. Dei presterer å avvikle ei lovleg næring berre basert på ein kampanje på nokre aksjonistar som har brote seg inn på farmane kring om, seier Finn Årdal.

- Ut av det blå

Vedtaket slo ned som ei bombe hos pelsdyroppdrettarane i dag. Næringa gir mellom 300 og 500 årsverk på landsbasis. Berre i Sogn og Fjordane er kring 500 arbeidsplassar knytt til pelsdyroppdrett.

Kampanjar frå dyrevernarar har dei siste åra avdekkja til dels groteske tilstandar. Vedtaket i Ap kjem samstundes som nye tilsyn viser klar forbetring i næringa.

- Det første som slår meg er at Ap ikkje har eit einasete fagleg grunnlag for å gå inn for noko slikt. Dette er eit vedtak fatta heilt ut av det blå, seier Olav Haugen, leiar i Fjordane pelsdyrlag.

Ny dragkamp

- Mattilsynet seier at dei kan dokumentere at dyra har fått det betre. Det var det som skulle ligge til grunn for at vi skulle få drive vidare. Samstundes får vi også ei ny forskrift som gjeld frå 1. mai. Kva skal vi gjere for å tilfredsstille dei, undrar Haugen som sjølv har 2 800 minktisper på garden.

Vedtaket på landsmøtet i Arbeidarpartiet legg opp til ein ny dragkamp med Senterpartiet i regjeringa.

NOAH jublar

Senterpartiet har tidlegare gått inn for at næringa skal få ein ny sjanse. Jublar gjer derimot dyrevernorganisasjonane som var tidleg ute med å applaudere vedtaket i Arbeidarpartiet.

- Med denne avgjerda har vi to parti i regjering som går inn for avvikling, medan Sp framleis står steilt imot. Jens Stoltenberg innleia landsmøtet med å seie at det som blir vedteke på APs landsmøte også er det som blir praktisk politikk i Norge, seier Siri Martinsen i NOAH - for dyrs rettigheter.

Støyva fortvilar

Men ikkje alle i Ap er nøgde med avgjerda til landsmøtet. Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Ap, Nils P. Støyva, seier at nesten samtlege delegatar frå fylket stemte nei til å avvikle næringa. Berre AuF sin representant, Torbjørn Vereide, skal i fylgje Støyva ha stemt for. Fylkesleiaren ynskte å gi pelsdyrnæringa tid til å bevise at dei kan drive etisk forsvarleg.

- Eg meiner dei burde få tid, men no har landsmøtet gjort sitt vedtak og det er det ingenting å gjere med. Eit forbud må uansett også godkjennast av ei regjering og eit fleirtal i Stortinget.