Hopp til innhold

Sjukehusaksjonistar: – Sonja Edvarsen har dolka oss i ryggen

Leiar for sjukehusaksjonen i Nordfjord, Svein Hansen, er rysta og skuffa over at Eid-ordførar Sonja Edvardsen (Ap) røysta for sjukehusnedbygging i Stortinget.

Sonja Edvardsen i Stortinget

FÅR KRITIKK: Ap-ordførar Sonja Edvardsen får kritikk fordi ho stemde for nedbygging av sjukehusa i Stortinget.

– Det er heilt utruleg å oppleve dette. Edvardsen er ordføraren i Eid og tidlegare leiar i Nordfjordrådet. Ho er ikkje kven som helst i denne saka og vi opplever røystinga hennar som eit dolkestøyt i ryggen, seier Hansen til NRK.no.

Edvardsen blir kritisert kraftig av sine eigne partifeller for å ha stemt for regjeringa sin sjukehuspolitikk då ho møtte som vararepresentant i Stortinget denne veka. No refsar også sjukehusforkjemparane i Nordfjord ordføraren.

– Folk er sjokkerte over Edvardsen

Svein Hansen

OPPGITT: Svein Hansen i sjukehusaksjonen i Nordfjord er sjokkert Eid-ordføraren.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Hansen seier han har fått mange telefonar i dag frå folk som er forferda over det som har skjedd.

– Folk er mildt sagt sjokkerte, seier Hansen til NRK.no.

– Edvardsen seier ho ikkje hadde noko val, og at ho måtte følgje regjeringspartia i denne saka. Har du ingen forståing for det?

– Nei, det har eg ikkje forståing for i det heile. Det er ein gong slik at ein må ta eit val. Eg har kjempa for denne saka i ni år og det er urimeleg at ordføraren i Eid ikkje tar eit val som er til folket sitt beste, seier Hansen.

Gjev ikkje opp kampen

Fødeavdelinga på Nordfjord sjukehus er vedteke nedlagt og ortopedien forsvinn. Men likevel ser ikkje Hansen kampen som tapt.

– Nei, kampen er ikkje tapt. Vi har god tru på at det også i framtida vil bli sjukehus på Eid. Men dessverre er ikkje Edvardsen med på laget lenger, seier Hansen.

Edvardsen har ikkje vore tilgjengeleg for å kommentere kritikken frå Hansen. Men tidlegare i dag har Edvardsen uttalt at ho ikkje hadde noko val i denne saka, og at ho måtte røyste saman med reggjeringspartia.