Hopp til innhold

«Eitt poeng betyr veldig mykje. Det har vore tungt dei siste vekene.»

Sogndal greidde ikkje å få hol på byllen mot Tromsø, men éin ting var viktigare enn alt: Endeleg er sesongens første poeng i boks!

Mats Solheim i godt driv for Sogndal

GLAD FOR POENGET: Mats Solheim debuterte i eliteserien, og fekk med seg eitt poeng. Han kunne fort ha avgjort kampen med scoring.

Foto: Rune Fossum / NRK

- Dette betyr veldig mykje. Det å gå rundt og føle at ein ikkje er god nok, er ikkje noko særleg. Men i dag viser vi at det ikkje er tvil om at vi faktisk er gode nok, seier Mats Solheim etter 0-0 mot topplaget i eliteserien.

Han var tilbake på høgrebacken etter over to månader med skade, og var glad for å ha debutert i eliteserien. Samstundes oppsummerte han det alle tenkte:

- Hadde vi stått med null poeng etter i dag, hadde nok mange gått og gravd seg ned.

Høgmo: - Sogndal fortente poeng no

Ingen skulle tru at det var topp og botn som møttest på Fosshaugane søndag. Sogndal var i lange periodar det førande laget, og hadde meir enn nok sjansar til å avgjere kampen - både i første og andre omgang.

Og: midtstopparane heldt Sigurd Rushfeldt totalt ute av kampen. Han var ikkje i nærleiken av å inntatrona som tidenes toppscorar i Norge.

- Vi visste at dette kom til å bli ein veldig vanskeleg kamp for oss. Eg synest det er heilt fortent at Sogndal tek sitt første poeng no, seier Tromsø-trenar Per Mathias Høgmo.

Ahyee Aye Elvis (t.h.) nær scoring mot Tromsø og Fredrik Björck

GOD KAMP: Ahyee Aye Elvis spelte ein god kamp på midtbana til Sogndal. Dte heldt til eitt poeng.

Foto: Rune Fossum / NRK

- Vi er nesten prikkfri defensivt

- Dette betyr veldig mykje. Det har vore tungt dei siste vekene, seier Per Egil Flo.

Han spelte ein god kamp i forsvarsrekka til Sogndal, og var nøgd med at laget endeleg fekk sitt første poeng i eliteserien. Trenar Harald Aabrekk var mest nøgd med måten Sogndal gjennomførte opplegget på.

- Vi slepp nesten ikkje Tromsø til, gjer ein nesten prikkfri kamp defensivt og har sjansar til å vinne, seier Aabrekk.

- Til å vere topp mot botn, gjer vi ein fantastisk kamp, poengterer han.

Bakke god som spydspiss

Sogndal måtte klare seg utan nøkkelspelaren Even Hovland i midtforsvaret, men det var ikkje lett å sjå mot Rushfeldt & co.

I den andre enden av bana spelte Sogndal med Eirik Bakke som spiss. Og det fungerte; Tromsø hadde sin fulle hyre med å halde kontroll på den tidlegare Leeds-proffen.

- Vi hadde fortent minst eitt mål, meiner Aabrekk.

- Eitt poeng monnar diverre ikkje så mykje, seier han.

Ole Jørgen Halvorsen (t.v.) i duell med Kara Mbodji

SKAPTE MYKJE: Ole Jørgen Halvorsen var som vanleg eit aktivum på kanten for Sogndal. Han forsvann litt meir utover i kampen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Fylling: - Måla kjem etterkvart

- Eitt poeng betyr mykje, men først og fremst er måten vi gjer det på viktig. No skal vi ut i ein vanskeleg bortekamp mot Aalesund, og vi må ta med oss dette vidare, seier sportssjef Trond Fylling.

- Korleis har stemninga vore i laget den siste tida?

- Det har vore stygge siffer, særleg heime mot Odd. Men vi var i periodar gode mot Godset og Sarpsborg - utan at vi fekk utteljing, seier Fylling.

- Sogndal har scora to mål så langt - kven skal eigentleg score måla?

- Alle lag ønskjer seg gode spissar, slik er det berre. Når laget kjem i flyten og vi får litt tur, kjem også måla, meiner Fylling.