Hopp til innhold

– Det pågår openlyst kjøp og sal av narkotika i Sogn og Fjordane

Det er ikkje berre i dei store byane, som Oslo og Bergen, ein ser openlyst kjøp og sal av narkotika. Det skjer også i Sogn og Fjordane.

Florø sentrum

FLORØ SENTRUM: Narkomane og fagfolk er skremde over narkotikautviklinga i distrikta. I Florø er folk vitne til openlyst kjøp og sal av narkotika.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Rusettervernet i Sogn og Fjordane er uroa over aukande narkotikaproblem i distrikta.

– Tilgangen på rusmiddel er veldig aukande. Det er veldig lett å få tak i tunge stoff rundt om i distriktet. I til dømes Florø er ein ofte vitne til narkotikasal, seier Glenn Høivik i Rusettervernet i Sogn og Fjordane.

– Skremmande utvikling

Høivik jobbar tett på narkotikamiljøet i distriktet, og opplever ei skremmande utvikling. Dei siste åra har han sett korleis narkotikaen har spreidd seg. Han har sjølv vore vitne til kjøp og sal på gata, men det er han ikkje aleine om:

– Folk som bur i Florø sentrum har rapportert at dei har sett på narkohandel frå stoveglaset, seier Høivik.

NRK den siste tida følgt narkotikamiljøet tett, og fått innblikk i skuggesida av samfunnet. Dei narkomane sjølve er skremde over utviklinga, og dei er spesielt skremde over at mange unge har begynt å nytte narkotika.

– Det er skremmande når ein tenkjer på den framtidige generasjonen, og at sterke rusmiddel er veldig aukande i distrikta, seier Høivik.

– Kva fryktar du vil skje om det ikkje blir gjort noko?

– Vi får eit aukande problem, og eg fryktar at fleire skal dø av overdose om det ikkje blir gjort noko.

Glenn Høivik, rusettervernet i Sogn og Fjordane

SKREMD: Glenn Høivik, fylkessekretær i Rusettervernet i Sogn og Fjordane er uroa over utviklinga i distrikta.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Politiet uroa og bekymra for miljøet

Politistasjonssjef Robert Veseth ved Flora politistasjone seier dei prioriterer å halde narkotikamiljøet under oppsikt.

– Vi har stort fokus på bakmenn og ikkje minst det som går på nyrekruttering av ungre misbrukarar. Det er ikkje utenkeleg at folk har sett openlyst sal av narkotika, seier Veseth til NRK.no.

Veseth seier dei har tatt fleire ungdommar med narkotika det siste halve året. I desember vart 13 personar pågripne. Den yngste personen som politiet tok var 17 år gamal. Etterforskingsleiar Jan Bjarte Skrøppa sa den gongen at han var bekymra over utviklinga:

– Vi er svært bekymra og uroa for miljøet i Florø. Det er mange ungdommar som nyttar narkotika, og vi kunne sikkert pågripe fleire personar enn det vi faktisk gjorde. Narkotika florerer i byen, sa Skrøppa til NRK.no.

Veseth meiner dei har fått god kontroll over miljøet.

– Vi har arbeidd godt dei første månadane i år, og vi har tatt fleire som har brukt og seld narkotika, seier Veseth.

NETT-TV: Mista sonen av overdose

Video Overdosedødsfall aukar i distrikta

NETT-TV: NRK Vestlandsrevyen 18. april 2011.