Hopp til innhold

«Ja, vi elskar dei kongelege»

Damene frå Sunnfjord elskar dei kongelege, og i dag er dei på plass i London. Feiringa fekk ein best mogleg start, for inn på flyet til London i går kom sjølvaste Kong Harald.

Damer i London
Foto: Laila Ekroll

Laila og Eva Ekroll kjøpte flybilettar og bestilte hotell i løpet av 10 minutt i januar i år. I dag er dei på plass i eit feststemt London for å feire bryllaup, og kanskje få eit glimt av brudeparet William og Kate.

Kongelig bryllup i Storbritannia

BRUDEPARET: Prins William gifter seg med Kate Middleton

Foto: Dominic Lipinski / AP

– Vi elskar dei kongelege

Laila Ekroll er ein stor fan av dei kongelege, og saman med niesa Eva og dottera Natalie Hauglund skal ho i dag feire prinsebryllaup i lag med millionar av britar i London.

Damer i London

FEST I LONDON: Britane feirar William og Kate

Foto: Laila Ekroll

– Eg elskar dei kongelege og det å få vere med på dette er heilt topp for meg, seier Laila.

Ho har gleda seg kvar dag sidan januar i år og er sikker på at dette kjem til å bli ei oppleving for livet. Vi er nesten som i familie.

Laila Ekroll meiner dei kongelege representerer landa sine på ein god måte og er eit førebilete for andre. Ho er rett og slett stolt av dei kongelege.

Og inn kom Kong Harald

Damene kom til London i går kveld for å gå opp ruta og finne ut kvar dei skulle stå. Draumen er sjølvsagt å få eit glimt at brudeparet Prins William og Kate Middleton.

Høgdepunta har stått i kø så langt, og starten på turen kunne heller ikkje blitt betre, for inn på flyet i går ettermiddag kom vår eigen kong Harald.

– Då kjende eg og at stemninga kom for alvor, seier Eva Ekroll.

Dei tre damene var tidleg oppe i dag og pynta seg til fest. Eva har på seg ein blå kjole, ikkje ulik den Kate Middleton hadde på seg under forlovelseintervjuet.

– Meterologane har meldt både sol og regn, så vi var veldig i tvil om kva vi skulle ha på oss, seier dei feststemte damene.

Hugsar Diana og Charles i 1981

Prins Charles gifter seg med prinsesse Diana 29. juli 1981

KONGELEG BRYLLAUP: Diana og Charles feira bryllaup i 1981

Foto: - / AFP

Sunnfjordingane har følgt med dei kongelege i mange år, og hugsar godt då Charles og Diana gifta seg den 29.juli 1981.

– Eg hugsar vi såg det på tv og har etter det drøymt om å få oppleve eit ekte kongeleg bryllaup på nært hald, seier Laila Ekroll. At det skulle skje i dag er berre heilt fantastisk, eg svevar.

Damene vil heller ikkje vere med på at det er for mykje kongeleg oppstyr, det er rett og slett slik det skal vere.

Britane er så venlege og hjelpsame og vi har fått ei oppleving for livet.

Alt er berre heilt topp i dag, jublar damene.