Hopp til innhold

Går 18 mil om dei vinn cupkamp

– Dersom vi vinn mot Sogndal, skal eg gå til neste bortekamp. Det lovar Saga-trenar Kenneth Leirvåg dersom dei står for tidenes cup-bombe.

Kenneth Leirvåg

LOVAR Å GÅ: Men Saga-trenar Kenneth Leirvåg har eigentleg liten tru på at det blir gåtur til Bergen.

Foto: Stig Høynes

Det nyopprykka 3. divisjonslaget skal møte eliteserielaget Sogndal på heimebane i ettermiddag.

Leirvåg har ikkje særleg tru på at laget klarer å slå Sogndal. Difor kom han med ein slik lovnad.

– Eg står for det, men eg trur ikkje det er særleg store sjansar for at vi vinn. Men eg må seie eg angra litt etter å ha sett at det er 180 kilometer å gå, for vi skal møte Bjarg i Bergen, seier Leirvåg.

Skal prøve å stresse Sogndal

Han lovar å gi eliteserielaget skikkeleg motstand og håper dei klarer å halde ballen unna eige mål lenge.

– Klarer vi å unngå at dei skårer i 60 minutt, blir dei nok stressa, trur han.

Trur dei treng sjølvtillit

Sjølv om Saga blir som ein veslebror å rekne, trur ikkje Leirvåg at sogningane tek lett på kampen.

– Nei, eg trur dei kjem med eit toppa lag. Dei treng litt sjølvtillit ved å vinne ein kamp. Dei har jo ikkje skåra eit einaste mål i tippeligaen så langt i år.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Saga møter Sogndal i Cupen

SJÅ TV-SAKA: Saga fotballklubb frå Førde,har aldri møtt eit eliteserielag før. No skal dei møte Sogndal i cupen for fyrste gong. Familien Leirvåg starta klubben for 20 år sidan, og sidan den gong har heile familien vore involvert i klubben.

Tidenes cupbombe

For fire månader sidan tenkte Saga å trekkje seg får divisjonen etter at dei rykka opp frå 4. divisjon.

– Og no skal vi møte Sogndal, det er spesielt. Dersom vi vinn, ville det vore tidenes cup-bombe.

– Dersom du er optimistisk og skal gjette resultatet, korleis trur du kampen endar?

– Då seier eg 1-4.

– Og dersom du er realistisk?

– Eg trur at Sogndal vinn 7-0, seier han.

No håper han på mykje folk på stadion i Førde søndag ettermiddag kokka 18.

– Eg håper det kjem oppmot 750 tilskodarar, seier han.

Også Førde og Tornado Måløy skal spele cupkamp i ettermiddag. Førde møter Fyllingen på bortebane og Tornado Måløy får besøk av Herd.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.