– Han var i ekstase då han ringde og ba om hjelp, humrar svigerdottera Tone Berge.
Var i live då dei drog ho i land
Ivar Berge greidde ikkje å få den digre kveita ombord i båten, men tok seg inn til land - der han ringde og ba om assistanse.
Svigerdottera tok med seg kameraet og sikra seg bevisa: Kveita var på 147 kilo og var heile to meter lang.
– Ho var i live då ho vart drege i land, men om det er den største som er teken opp i live frå Fjærlandsfjorden veit vi ikkje, skriv Berge i ein e-post til firda.no.
Ute etter fiskelykke også dagen etter
Ivar Berge var i morgontimane onsdag igjen på fjorden for å fiske. Håpet var kanskje å få på land fleire gigantkveiter.
Kveite blir også kalla hellefisk, og er ein djupvassfisk som lever på 300–2000 meters djupne. Dei er gode matfiskar.