– Held innbyggjarane for narr
Han har rekna ut at den reelle verdien i dagens kroneverdi blir 18 millionar kroner med den pris- og lønsveksten som har vore dei siste åra.
– Eg meiner at denne avtalen er å halde innbyggjarane i Naustdal for narr.
– Smuldrar vekk
Eit bidrag på 30 millionar frå Nordic Mining er blitt godt motteke av formannskapet i Naustdal. Men store delar av millionane vil ha smuldra bort innan gruveselskapet eventuelt har starta opp om fem år, seier Djupvik.
Dagleg leier Ivar Fossum i Nordic Mining stadfestar at dei 30 millionane ikkje er indeksregulerte.
– Lovnaden om 30 millionar kroner står fast, seier han.
– Latterleg lite
Djupvik meiner Naustdal sel seg for småpengar:
– Vi må vere klare over at summen det er snakk om ikkje er indeksregulert, så her er det snakk om 30 millionar i framtidspengar. Nivået på dette beløpet er latterleg i høve til økonomien i prosjektet og i høve til kva Naustdal risikerer.
– God avtale
Men ordførar Håkon Myrvang i Naustdal meiner avtalen med Nordic Mining er god, og han ser ikkje ulemper med
.Storstila utbygging
Nordic Mining har søkt om konsesjon på å vinne ut mineralet rutil frå gruvedrift i Engebøfjellet i Vevring. Dette er det største gruveprosjektet i landet i moderne tid, og det er venta at det kan bli
. Men gruvedrifta har ei bakside: Det er meininga å dumpe enorme mengder avfall i Førdefjorden, og mellom anna Havforskingsinstituttet har åtvara sterkt mot dette. Også lokalt i Vevring er det mot prosjektet.