Hopp til innhold

Sikta for valdtekt - nektar all skuld

Den sikta mannen i byrjinga av 20-åra meiner han ikkje er skuldig i den moglege valdtektssaka i Førde.

Sperra av område i Førde

VALDTEKTSSAK: Ein russ er meldt til politiet av ei 17 år gammal jente, skulda for seksuelt overgrep i Førde natt til onsdag.

Foto: Rune Fossum / NRK

Den moglege valdtekta fann stad på Festplassen i Førde sentrum, og vart meldt til politiet natt til onsdag. Politiet har sikta mannen i saka, men vedkommande vart onsdag kveld sleppt fri frå varetekt.

Vil ikkje gå nærmare inn på saka

No er Eirik Tysse oppnemnd som advokat for den sikta russen i 20-åra.

– Klienten min erkjenner ikkje straffskuld, seier Tysse.

Han ønskjer ikkje å seie noko meir så tidleg i etterforskinga.

Den fornærma jenta forklarte seg igjen

Ifølgje politiet vert 20-åringen ståande med status som sikta i saka inntil etterforskinga i saka er ferdig - noko dei reknar med ikkje tek veldig lang tid.

Den 17 år gamle jenta som meldte frå om den påståtte episoden var onsdag til lege for undersøking og sikring av spor.

Ho forklarte seg torsdag vidare for politiet. Ein reknar med at etterforskinga vil ta relativt kort tid.

Sjå TV-sak:

Video Mogleg russevaldtekt i Førde

Mogleg russevaldtekt i Førde