Hopp til innhold

Russ frå Florø køyrde i tunnelvegg

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Fem russ vart sende til sjukehus etter at dei køyrde inn i ein tunnelvegg i Rogaland natt til fredag.

Personbilen med russ frå Florø var i natt på veg til Kongeparken, då dei køyrde inn i ein tunnelvegg på Nesvik i Hjelmeland.

Eit redningshelikopter, luftambulanse og brannvesenet vart sendt til staden. Tre kvinner og to menn, alle 18 og 19 år, vart sende til sjukehus.

– Ingen skal vere alvorleg skadde, seier operasjonsleiar Jan Henning Andersen i Rogaland politidistrikt til NRK.no.

Russen var eit følge på tre bilar fra Florø, som alle var på veg til Landstreffet i Kongeparken.