Lesarane av NRK.no skal kåre den tøffaste russebilen i fylket. Til no har det kome inn to bidrag i russebil-konkurransen til NRK Sogn og Fjordane.
Jentene bak «Godt & Blandet» heiter Kristine Mølmesdal, Sofie Halbrend, Caroline Håland, Julie Aardal og Amalie Vinda.
– Bilen skil seg ut
Bilen er ein Volkswagen Caravelle frå 1989. Karoline Vie meiner dei har den kulaste og ikkje minst vakraste russebilen i fylket.
– Vi har brukt veldig lang tid på å planlegginga av bilen. Vi har brukt nesten all ledig tid på å utforme alle ideane våre. Dette er den mest gjennomførte og den mest framståande russebilen, seier Vie.
Ho meiner bilen er lett å sjå og at den skil seg ut. Ho seier bilen er gjennomført og lev opp til namnet sidan bilen har muffins på dei to fremste dørene og at det renn sjokolade med små runde godtekuler frå taket.
I tillegg viser ho til ei kvinne med drops på brystene og ein matchande string.
Kondomar i bagasjen
Bilen er himmelblå, med ein gul krusedull, i taket innvendig. Vie fortel at dei har fokusert på estetikk, men også på tryggleik. Bilen er av Statens vegvesen kåra til den nest tryggaste russebilen.
Ho seier bilen også er trygg når ein ser i bagasjerommet.
– Der har vi nemleg ein heil bærepose med kondomar, seier ho.