Hopp til innhold

Sette fyr på russebil i Førde

Ein russebil vart sett fyr på under ein russefest i Førde natt til søndag. – Dette kunne fort blitt dramatisk, seier brannvesenet.

Sette fyr på russebil på Festplassen i Førde

SETTE FYR: Åtte russejenter kan takke ein handlekaftig forbipasserande for at russebilen deira ikkje gjekk opp i flammar natt til søndag.

Foto: Simon Solheim / NRK

Ved fem-tida natt til søndag fekk politiet melding om at det var sett fyr på ein russebil på Festplassen i Førde.

Nokon hadde kasta brennane papp under bilen til åtte russejenter, men ein handlekraftig forbipasserande fekk sløkt brannen.

Russefest på staden

Vaktoperatør Frode Eide ved Alarmsentralen Sogn og Fjordane seier det er snakk om sekund før bilen hadde tatt fyr.

– Det er ikkje spesielt smart å kaste brennane papp under ein bil. Det kan fort begynne å brenne og utvikle seg til ein bilbrann, seier Eide til NRK.no.

Brannvesenet rykte ikkje ut til hendinga i natt. Nettopp på grunn av det snartenkte vitnet som fekk sløkt brannen etter kort tid. Personen hadde fått tak i eit brannslukkingsapparat og klarte å slukke ilden.

Det var russefest på staden i natt, og mange russ var samla i området.

Politiet vil ha tips

– Hadde ikkje personen handla kunne dette blitt dramatisk. Det var veldig avgjerande at han fekk sløkt brannen, visst ikkje hadde det tatt laust. Han avverga ein bilbrann fordi han handla så raskt som han gjorde, seier Eide.

Ein politipatrulje vart send til staden. Politiet veit ikkje kven som står bak, og ønskjer tips i saka.