Hopp til innhold

Dette har ikkje folk i Førde lyst på

Eit stort fleirtal av innbyggjarane i Førde er negative til å betale bompengar for ny E39 utanom sentrum av byen. Det viser ei meiningsmåling.

bomstasjon

UPOPULÆRT: Fleirtalet av dei spurde innbyggjarane i Førde vil ikkje ha bompengar for å finansiere den såkalla Førdepakken med E39 i tunnel utanom Førde.

Foto: Sundsdal, Svein / Svein Sundsdal/NRK

Meiningsmålinga er utført på oppdrag av Framstegspartiet. Dei er sterkt kritiske til bompengar og ville vite meir om oppfatninga hos folk i kommunen.

Resultatet viser at 52,9 prosent av dei spurde er negative til bompengar. 28,6 prosent er positive, medan 18,5 prosent av dei spurde ikkje har noko bestemt oppfatning.

Vil ha E39 i tunnel

Frank Willy Djuvik

KRITISK: Fylkesleiar i Frp, Frank Willy Djuvik vil ikkje ha bompengar.

Foto: FrP
Jorunn Eide Kirketeig

POSITIV: Jorunn Eide Kirketeig i Førde Ap meiner bompengar må til skal Førdepakken ha sjanse.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Framstegspartiet kjempar hardt for å realisere den såkalla Førdepakken. Det inneber at E39 skal gå i tunnelen utanfor sentrum av Førde og prosjektet er kostnadsrekna til 1 milliard kroner.

Det ligg ikkje inne pengar i Nasjonal Transportplan til prosjektet, og av fleire parti at bompengar blitt løfta fram som måten å få finansiert den nye vegløysinga rundt Førde.

Men vil ikkje betale med bompengar

Men meiningsmålinga viser at folkeviljen ikkje opnar for bompengar. På lik linje med Frp er altså over halvparten av dei spurde negative til bompengar.

- Då meiner eg det er på tide at politikarane byrjar å sjå på andre løysingar. Dei bør finne andre finansieringsmoglegheiter og jobbe opp mot Stortinget for å sikre at dette viktige samferdsleprosjektet vert realisert, seier fylkesleiar Frank Willy Djuvik i Frp.

  • LES OGSÅ:

Frp og Ap-veljarar mest imot

I alt er 559 innbyggjarar i Førde spurde i målinga som er gjort av InFact. Mest kritiske er Frp-veljarane, medan Venstre, SV og Raudt har dei mest betalingsvillige.

Også fleirtalet av Ap-veljarane går imot bompengar.

- Eg er ikkje overraska over utfallet, seier Jorunn Eide Kirketeig som er Arbeidarpartiet sin gruppeleiar i Førde.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Bompengar i Førde

VESTLANDSREVYEN 4. MARS 2011: Det er stor usemje om bompengering rundt Førde.

- Bompengar må til

Arbeidarpartiet har vore positive til bompengar og Kirketeig trur dette må til dersom prosjektet skal bli noko av.

- Eg har budd i Førde sidan 1972 og heilt sidan då har ein prata om dette vegalternativet for E39 utanom Førde. Vi har vore i kø, og der er vi endå, seier Kirketeig til NRK.no.

Vil kjempe for Førdepakken

Djuvik i Frp trur målinga kan bli viktig i valkampen framfor kommunevalet til hausten.

Han vil no kjempe for at Førdepakken skal inngå i ei vegerklæring frå partiet sentralt.

- På Frp sitt landsmøte i helga skal partiet vedta ein resolusjon om E39. Fylkespartiet jobbar for at Førdepakken konkret skal inngå i denne for at vi snarast mogleg skal få realisert prosjektet. Det skal då vere finansiert av staten, seier Djuvik.