Hopp til innhold

Ja til gruvedrift i Naustdal

Kommunestyret i Naustdal sa onsdag kveld ja til at Nordic Mining får starte gruvedrift i Engebøfjellet.

Ja til gruvedrift i Naustdal

Frå onsdagens kommunestyremøte i Naustdal.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

17 røysta for gruveplanane, medan berre fire sa nei i kommunestyret.

Høg temperatur under møtet

Ein etter ein gjekk motstandarar og forkjemparar på talarstolen i kommunestyremøtet i Naustdal onsdag ettermiddag. Utanfor stod demonstrantar og markerte si misnøye til planane under parolen "Nei til fjorddeponi".

Før møtet var det eit knapt fleirtal for gruvedrifta. Spaninga var knytt til om saka kunne bli utsett fordi somme politikarar meinte dei hadde hatt for dårleg tid på avgjerda.

Etter omlag fire timar debatt røysta kommunestyret over om dei skulle utsetje avgjerda etter forslag frå Senterpartiet. Forslaget fall med 9 mot 12 røyster.

Les òg: Difor skaper gruvesaka i Naustdal så høg temperatur

Les òg: Håpar suppe vil stoppe gruveplanar

Les òg: Stoppa kommunestyremøtet

Dumper hundrevis av tonn i fjorden

Det er selskapet Nordic Mining som vil starte gruvedrift i Engebøfjellet i Naustdal kommune. For å kunne utvinne det verdifulle mineralet rutil, må selskapet dumpe mange hundre tonn steinmasse i Førdefjorden i 50 år framover.

Senterpartiet snudde

Senterpartiet lanserte utsettingsforslag under møtet, men då dette vart avvist snudde dei og røysta ja.

Berre ein frå Høgre, ein frå KrF i tillegg til SV og Raudt stemte imot gruvedrift.

Fryktar for framtida

Demonstrantar utanfor kulturhuset

Laila Claussen i Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe til venstre.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

- Eg er glad ungane mine søv når eg kjem heim så eg slepp å forklare dei dette. Eg er veldig skuffa og overraska over det klare fleirtalet på møtet i dag. Men me gjer oss ikkje enda. Kampen er ikkje over, seier Laila Claussen i Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe.