TIDLEG UTE: Desse karane var tidleg ute på Fosshaugane, men fekk mykje å juble for.
LIVATT: God stemning i Saftkokaradn før kampen.
PÅ BENKEN: Lillestrøm-spissen Arild Sundgot har ikkje spelt kampar sidan i fjor haust og måtte starte kampen på benken.
LUKKE TIL: Harald Aabrekk og Saftkokaradn ynskjer kvarandre lukke til.
NESTEN: Vegard Gjermundstad eit hårstrå frå å gje Sogndal 1-0 i opningsminutta.
FLYG HØGT: Eirik Bakke og Sogndal flyg høgt etter to strake sigrar i eliteseriecomebacket.
UROMOMENT: Ole Jørgen Halvorsen var eit konstant uromoment for Sogndal.
DRIV: Midstoppar Vegar Gjermundstad fekk rosande ord frå trenaren etter innsatsen på venstreback.
VANN KAMPEN: Lillestrøm tapte kampen på bana, men kampen på tribuna var det supportarane til kanarifuglane som vann.
KJENT DRIV: Henrik Furebotn leverte pasningen som sende Ole Jørgen Halvorsen mot mål på 2-0-scoringa.
MÅTTE UT: Eirik Bakke vart flytta ned på midtbana etter skaden.
SURT: Kaldt og vått på Fosshaugane, men på Sogndal-benken var humøret upåklageleg.
GOD: Mats Solheim leverte ein mannsjobb for å hindre LSK-spelarane i å finne toppscorar Anthony Ujah.
PRØVDE OG PRØVDE: Ole Jørgen Halvorsen prøver seg på nytt mot LSK-forsvaret.
FARLEG: Karim Essediri prøver seg på frispark frå farleg posisjon for Lillestrøm.
GLEDE: 2 186 tilskodarar kunne juble over tre poeng for Sogndal.
BACK: Også spissen Cato Hansen fekk prøve seg som venstreback då Ulrik Flo erstatta Vegard Gjermundstad.
STRAFFE: Ingen tvil om at Sogndal-spelarane har sett det same etter at Stian Ringstad handsa innanfor 16-meteren.
GOD: Even Hovland i duell med Björn Bergmann Sigurdarson.
MIN: Kenneth Udjus stod nok ein god kamp då Sogndal for tredje gang på rad gjekk av bana utan å sleppe inn mål.
KONTROLL: Isak Scheel hadde kontroll på Anthony Ujah i denne situasjonen.
GLIS: Kenneth Udjus har god grunn til å glise etterkvart som det går mot Sogndal sitt sjuande poeng på tre kampar.
SKAL INN: - Ballen skulle inn koste kva det koste ville, gliser Even Hovland om situasjonen som gav Sogndal 1-0.
TAKK: Sogndal-spelarane takkar publikum for støtta.