Hopp til innhold

Vil betale kystveg med bompengar

Minst halvparten av kostnaden med å byggje kystveg mellom Florø og Måløy må finansierast med hjelp av bompengar. Det meiner fylkesrådmann Jan Øhlckers.

Illustrasjon Kystvegen

BOMPENGAR: Fylkesrådmannen meiner minst halvparten av kostnaden med å realisere kystvegen bør kunne betalast med bompengar.

I fleire år har det vore diskutert å bruke bompengar for å finansiere kystvegen mellom Florø og Måløy. Ein kystveg her er ein del av arbeidet med å realisere den mykje omtalte 45-minuttsregionen.

Målet med den er å få til ein samanhengande bu- og arbeidsmarknad for nær 50 000 menneske i Selje, Vågsøy, Eid, Bremanger, Flora, Naustdal og Førde.

Kystvegprosjektet er rekna å koste nærare ein milliard kroner.

Frå før har ordførarane i Flora, Vågsøy og Bremanger sagt at dei er innstilte på å betale delar av vegen med bompengar.

- Minst halvparten kan betalast med bompengar

Fylkesrådmannen går no inn for at minst halvparten av kystvegen mellom Florø og Måløy kan finansierast ved hjelp av brukarbetaling. Han rår fylkestinget til å gå inn for dette når dei skal ta stilling til saka i juni.

Ole Ingar Hagen Hægreid som er nestleiar for samferdsleavdelinga i fylkeskommunen seier dette om tilrådinga.

– Vi rår politikarane til å gå for minst 50 prosent bompengefinansiering. Fylkesrådmannen ønskjer at bompengeselskapet, som er under etablering, skal finne alternativ finansiering til resten, utan at det fører til omprioriteringar hjå fylkeskommunen. Dette arbeidet må skje i samråd med fylkesrådmannen, seier Hagen Hæreid ifølgje ei pressemelding frå fylkeskommunen.

Viktig veg for vekst og utvikling

Kystvegen mellom Florø og Måløy er ikkje prioritert i handlingsprogrammet for fylkesvegnettet 2010–2013.

Men i handsaminga av handlingsprogrammet peikte fylkestinget på at ei rask realisering av 45-minuttsregionen vil vere svært viktig for å skape vekst og utvikling på kysten av Sogn og Fjordane.

Før fylkestinget skal handsama saka, skal den opp i hovudutval for samferdsle. Dette skjer 24. mai.