Hopp til innhold

Splid mellom Engebø-grunneigarar

To av tre grunneigarar er ikkje nøgde med 40 millionar for å gi frå seg grunn til Nordic Mining. – Dette må vi vere nøgde med, seier Bodil Engebø.

Bodil Engebø

NØGD: Grunneigar Bodil Engebø meiner ein må vere nøgd med 40 millionar kroner. Dei to andre grunneigarane meiner det ikkje er ein god avtale.

Foto: Bård Siem / NRK

Dei tre grunneigarane i Vevring som må gi frå seg eigedom til Nordic Mining, vil få nærare 40 millionar kroner i eingongserstatning.

To av grunneigarane er misnøgde med erstatninga. Den tredje grunneigaren, Bodil Engebø, seier det ikkje er nokon grunn til å ikkje vere nøgd med denne avtalen.

Får også 2,5 mill. i året i 50 år

Førekomstane av rutil, brukt til kvitningsstoff i mellom anna tannkrem og maling, er stå store at Nordic Mining vil tene gode pengar på å utvinne mineralet. Men for å få dette til, vil bygda Engebø ved Vevring bli jamna med jorda.

Tidlegare har det kome fram at grunneigarane vil få 2,5 millionar på deling kvart år i driftspereioden på 50 år. No viser det seg at dei i tillegg vil på nærare 40 millionar i eingongserstatning.

To av grunneigarane er sterkt misnøgde med Nordic Mining si handtering av saka. Dette er Bodil Engebø usamd i.

– Vi må vere nøgde med 40 millionar kroner. Det har vore ein ryddig og god prosess heile vegen. Nordic Mining har langt alt til rette for oss med seminar på fire-fem dagar på hotell. I tillegg kan kan ringe dei når det er noko og vi har fått gratis advokathjelp, seier Bodil Engebø til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Steinbrotet i Engebøfjellet

UTVYGGING: Nordic Mining vil ha gruvedrift i Engebøfjellet i Naustdal.

Foto: Illustrasjon: Nordic mining

– Eg er usamd med ho

Grunneigar Reidar Engebø har lite til overs for at Bodil Engebø går ut og skryt av Nordic Mining og erstatningsbeløpet.

– Eg er heilt usamd med ho, seier Reidar Engebø.

– Kva er årsaka til at to av tre grunneigarar ikkje er nøgde?

– Eg vil ikkje seie kva som er årsaka.

– Kan det vere at du og den andre grunneigarane svartmåler situasjonen?

– Nei, eg meiner vi ser ganske realistisk på dette.

Høyr radiosak her: