Hopp til innhold

Fange på rømmen teken for innbrot

Ein av dei tre som sit i varetekt etter innbrotet på Coop-butikken i Olden var ein fange på rømmen.

Coop-butikken i Olden

STAL: Dei tre mennene vert framstilt for varetektsfengsling i dag onsdag for innbrotet på Coop-butikken i Olden. Ein av dei skulle ha vore til soning i Bergen fengsel, men klarte å rømme 30.september i fjor.

Foto: NRK-tipsar

- Mannen sat inne for tilsvarande forhold som han no er sikta for, seier lensmann Inger Lill Lanes i Stryn til fjordingen.no .

På rømmen i 8 månader

Lensmann i Gol og Hemsedal - Inger Lill Lanes.

PÅ RØMMEN: Lensmann i Stryn, Inger Lill Lanes, seier ein av dei tre mennene er ein fange på rømmen frå Bergen fengsel.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Mannen har vore på rømmen frå Bergen fengsel sidan september.

- Då han vart pågripen indentifiserte han seg med falskt pass, seier Lanes.

Tre menn av utanlands opphav vart pågripne på ein campingplass i Eid natt til måndag.

Gjorde kjempebeslag

Innbrot Narvesen Sogndal

SKADE: Tjuvar fekk med seg store mengder tobakksvarer på Narvesen i Sogndal.

Foto: Oddleif Løseth / NRK

I hytta dei leigde fann politiet store mengder med tobakksvarer og pengar.

- I første rekkje er det vitneobservasjonar og beslag i campinghyttene dei hadde i Eid. Det var store mengder tobakk, seier lensmann Webjørn Moa om kvifor mennene er sikta for lovbrota i Nordfjord.

Det har vore fleire onnbrot i Hordaland og Sogn og Fjordane i det siste, og politiet undersøkjer no om dei tre kan ha noko tilknytning til dei andre innbrota.

Tilbake til fengsel

Innbrot Narvesen Sogndal

FILMA: Innbrotstjuvane vart filma av overvakingskamera på Narvesen.

Foto: Overvakingskamera/Politiet

Dei tre som alle er i 40-50-åra frå Aust-Europa vert framstilte for varetektsfengsling i dag onsdag.

Politiet meiner dei tre er omreisande vinningskriminelle.

- Det er utlendingar som vi veit har vore her på Eid, vi veit dei har gjort innbrot i Olden og har stole ein tilhengar på Eid som no har kome til rette, seier lensmann Moa.

Etter åtte månader på rømmen må nok mannen tilbake til livet i fengselet. Denne gongen får han truleg følgje av dei to kompisane sine.